Spørsmål og svar om glyfosat
Glyfosat er eit aktivt stoff i plantevernmiddel som blir brukte for å få bukt med ugras. Her er svar på vanlege spørsmål om glyfosat.
Kva er glyfosat og korleis blir det brukt i Noreg?
Det finst fleire ulike plantevernmiddel som inneheld glyfosat, men Roundup er kanskje det mest kjente.
Preparat med glyfosat er dei mest brukte plantevernmidla i Noreg. Glyfosat kan brukast i dei fleste plantekulturar før planting eller spiring. Det er også tillate å bruke glyfosat i stubbåker av korn (etter hausting), og for å få bukt med kveke i moden byggåker. Glyfosat blir også brukt til fornying av grasmark. På udyrka område blir glyfosat for eksempel brukt langs jernbanelinjer, men også for å få bukt med framande artar som parkslirekne og raudhyll. Dette er artar som har stor spreiingsevne, er skadelege for norske økosystem og som kan vere vanskelege å få bukt med med andre metodar.
Det er ikkje tillate å bruke glyfosat til tvangsmodning i Noreg. Bruken har likevel blitt innvilga unntaksvis for å hindre tap av avlingar i sesongar med svært krevjande vekstforhold. Dette kan komme av tørke eller uvanleg mykje nedbør. Avlinga har i desse tilfella blitt brukt til dyrefôr.
Korleis verkar glyfosat?
Glyfosat verkar mot mange typar ugras. Når ein plante blir behandla med glyfosat, blir glyfosat tatt opp gjennom blada og stilken og spreier seg raskt i heile planten. Glyfosat verkar ved å hemme eit enzym i plantane som er nødvendig for å lage aminosyrer. Dette enzymet finst i alle plantar, sopp og bakteriar, men ikkje i dyr.
Kva alternativ finst til glyfosat?
Alternativ til å bruke glyfosat kan vere mekanisk ugrasnedkjemping eller å bruke andre kjemiske middel. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) jobbar med å kartlegge ulike kjemiske og ikkje-kjemiske alternativ til bruk av glyfosat (nibio.no) Norsk jordbruk treng alternativ til glyfosat (nibio.no)
Korleis vurderer vi at glyfosat er trygt?
Noreg bruker EU sitt regelverk på plantevernmiddel, og deltar i EUs samarbeid om vurderingar av plantevernmiddel og aktive stoff.
Glyfosat blei i 2023 revurdert av den europeiske myndigheita for næringsmiddeltryggleik (EFSA), med hjelp frå ekspertar i EU- og EØS-land. Vurderinga er basert på ei rekke vitskaplege studiar på korleis glyfosat verkar på menneskes helse og miljøet. Vurderinga konkluderer blant anna med at det finst bruksområde der glyfosat trygt kan brukast utan at det gir skadelege effektar. I tillegg har det europeiske kjemikaliebyrået (ECHA) i mai 2022 konkludert med at glyfosat ikkje kan klassifiserast som kreftframkallande.
I november 2023 bestemte EU-kommisjonen at glyfosat får fornya godkjenning i 10 år, fram til 15. desember 2033. Deretter skal EU- og EØS-landa gjere nasjonale vurderingar av plantevernmidla som inneheld glyfosat. I dei nasjonale vurderingane tar vi blant anna omsyn til nasjonale miljøforhold og andre område EU-kommisjonen har bede landa vere ekstra merksame på. Blant anna har EU-kommisjonen bestemt at glyfosat ikkje kan godkjennast til tvangsmodning, og ber medlemslanda vere ekstra merksame på å verne «non-target organisms», som villblomstrar og små planteetande pattedyr.
Alle plantevernmiddel blir revurderte i EU med jamne mellomrom for å sikre at stoffa framleis oppfyller krava for godkjenning.
Kvifor følger Noreg EU sine vurderingar av glyfosat?
Noreg har gjennom EØS-avtalen har tatt inn EUs regelverk om godkjenning av plantevernmiddel. Sjølv om vi ikkje har stemmerett i EUs besluttande organ, deltar vi på EU-kommisjonens møte der dei aktive stoffa blir diskuterte og vi kan komme med faglege innspel i prosessen fram til sjølve avstemminga.
Dette inneber at vi også følger EFSAs faglege vurdering av glyfosat, og ECHAs konklusjonar om klassifiseringar av glyfosat.
I tillegg gjer vi nasjonale vurderingar for plantevernmidla som inneheld glyfosat. I dei nasjonale vurderingane tar vi blant anna omsyn til norske miljøforhold.
Er det bekymringar knytte til helseeffektar av glyfosat?
ECHA har seinast i 2023 konkludert med at glyfosat ikkje kan klassifiserast som kreftframkallande, eller at det er skadeleg for reproduksjon eller arvemateriale.
ECHA har derimot konkludert med at stoffet kan føre til alvorleg augeskade.
Er glyfosat kreftframkallande?
Tidlegare har det vore mykje diskusjon om glyfosat kan vere kreftframkallande. Dette kjem av at det internasjonale byrået for kreftforsking (IARC) i juli 2015 konkluderte med at glyfosat truleg er kreftframkallande kategori 2a (who.int)
I EU er det ikkje IARC, men EFSA som har ansvaret for vurdering av aktive stoff, mens ECHA har det formelle ansvaret for å avgjere om kjemikaliar skal klassifiserast for farlege eigenskapar, som for eksempel faren for å framkalle kreft. Både ECHA og EFSA har konkludert med at glyfosat ikkje oppfyller krava for å bli klassifiserte som kreftframkallande.
Kva effektar har glyfosat på miljøet?
Risikovurdering for miljøet
EFSA konkluderte i 2023 med låg risiko for uakseptable effektar i fuglar, bier, leddyr, jordlevande artar, og for artar som lever i vatn. For å verne plantar viste risikovurderinga at det er behov for avstandskrav til vegetasjonen utanfor det dyrka området. Avstandskrav kan også brukast i kombinasjon med avdriftreduserande teknikkar.
EFSA konkluderte vidare med at glyfosat kan føre til ein høg kronisk risiko for pattedyr i 12 av 32 bruksområde av glyfosat. Denne konklusjonen er basert på ei forenkla vurdering med konservative antakingar for kor store pattedyra er og kor mykje glyfosat dyra vil bli utsette for i naturen. Når Mattilsynet skal gjere nye nasjonale vurderingar av plantevernmiddel med glyfosat, tar vi omsyn til norske forhold i risikovurderinga for pattedyr. Dette inkluderer kva artar som er vanleg i jordbruksområde i Noreg og meir realistiske antakingar for kva dyra et under nordiske forhold. Berre bruksområde som etter denne vurderinga viser ein akseptabel risiko kan tillatast i Noreg.
Klassifisering for artar i vatn
ECHA har klassifisert glyfosat som giftig for liv i vatn. Sjå ECHA sin konklusjon om klassifisering av glyfosat (echa.europa.eu). I tillegg kan du lese meir om klassifisering og merking av kjemikaliar (CLP) (miljodirektoratet.no)
Les meir
- Spørsmål og svar frå EU-kommisjonen om glyfosat (ec.europa.eu)
- EU-kommisjonens side om glyfosat (ec.europa.eu)
- EFSA sitt faktaark om vurdering av glyfosat (efsa.europa.eu)
- EFSA sin konklusjon for glyfosat 2023 (efsa.europa.eu)
- ECHAs konklusjon om klassifisering av glyfosat (echa.europa.eu)
- Vurdering av plantevernmiddels aktive stoff