Krav om floghavre som gjeld kommunane
Ei melding om funn av mistenkjelege plantar på ein landbrukseigedom som tidlegare ikkje har vore registrert i floghavreregisteret, skal gå til kommunen.
Ved førstegongsfunn av floghavre på ein landbrukseigedom, er det kommunen som sender inn planteprøvar til analyse.
Retningslinjer for innsending av plantar til floghavrediagnostisering (kimen.no)
Kommunen eller Mattilsynet kan hjelpe til med uttak av prøven, men då fortrinnsvis i nærvær av eigaren eller den driftsansvarlege for landbrukseigedommen.
Offentleg kontroll for å komme ut av floghavreregisteret
Kommunen utfører første års kontroll når ein landbrukseigedom eventuelt skal fjernast frå floghavreregisteret. Mattilsynet skal sjølv kontrollere det andre året.
Vilkåra for fjerning frå det offentlege registeret står i forskrift om floghavre § 14 og er avgjerande for korleis kontrollen etter § 13 blir utført.
Når den driftsansvarlege meiner å ha utrydda tidlegare påvist floghavre, sender han/ho inn eit skjema for offentleg kontroll floghavre til kommunen.
Offentleg kontroll for å komme ut av registeret:
-
Skal skje i vekstsesongen og bør gjennomførast 3 veker etter skyting +/- 1 veke.
-
Alt dyrka areal på landbrukseigedommen skal kontrollerast. Kontrollen må tilpassast forholda på staden, kva kulturar som blir dyrka osb. På enkelte skifte til dømes eng, er det tilstrekkeleg med ei synfaring. Det er særleg viktig å sjå på ytterkantane på jorda, grense mot naboeigedommar og vegar og vassvegar.
-
På kornarealet skal det gjerast ei systematisk gjennomsøking i teigar på 30 m eller mindre, avhengig av terreng og kontrollforhold.
-
Undersøk helst tidlegare funnstad grundig først.
-
Arealet med tidlegare funn må vere kontrollerbart og bør av den grunn ha minimalt med legde; < 5 %.
-
Dersom arealet med tidlegare funn ikkje er kontrollerbart, vil kontrollen måtte utsetjast til året etter.
Dersom det blir gjort funn av ein eller fleire mistenkjeleg plantar, og det er tvil om det er floghavre, blir det sendt inn ein planteprøve til Kimen for diagnostisering.
Etter utført kontroll, legg kommunen resultatet av kontrollen inn i skjemaet og sender det til Mattilsynet. Kommunen sender kopi av skjemaet/resultatet til driftsansvarleg, og til eigar dersom eigar er ein annan enn den driftsansvarlege.
Når Mattilsynet har utført andre års kontroll, sender Mattilsynet kopi av resultatet av kontrollen til kommunen. Det blir ikkje utført andre års kontroll dersom det blir funne floghavre i første kontrollår.
Registreringsskjema ved funn av floghavre
Skjema med planteprøve sendes til Kimen Såvarelaboratoriet AS.
Offentlig kontroll av floghavre
Når den driftsansvarlige for landbrukseiendom mener å ha utryddet tidligere påvist floghavre, kan vedkommende varsle kommunen og be om offentlig kontroll av eiendommen det påfølgende året.
Dette er beskrevet i Forskrift om floghavre § 13 første og andre ledd.
Regelverk
Forskrift om floghavre
§ 3. Meldeplikt
§ 13. Fjerning av landbrukseiendom fra det offentlige registeret
§ 14. Vilkår for fjerning fra det offentlige registeret
Kilde: Lovdata.no