Mikrobiell biomasse til bruk i fôr
Mikroorganismar har stort potensial som framtidige fôrmiddel, men regelverket for produksjon og bruk er i dag uklart. Her får du ei oversikt over regulatoriske rammer og aspekt.
Produksjon av mikroorganismar som mikroalgar, sopp eller bakteriar blir i aukande grad trekt fram som ei løysing for å bidra til meir berekraftig produksjon av fôr, men også av mat, energi, materiale og biomasse. Mikroorganismar har særleg potensial som fôrmiddel fordi dei kan vekse raskt ved å utnytte ulike typar substrat som elles ikkje blir brukt effektivt.
Potensialet til mikroorganismane er altså nært knytt til kva substrat som kan nyttast. For å få eit heilskapleg bilde må vi derfor belyse regelverksaspekta som gjeld både mikroorganismane som blir produserte, og vekstmedia dei blir dyrka på. Nedanfor gir vi deg ei oversikt over gjeldande regulatoriske rammer og sentrale problemstillingar knytte til høvesvis mikroorganismane og vekstmedia.
Sjølve mikroorganismane
Det er i utgangspunktet tillate å bruke biomasse frå mikroalgar og andre mikroorganismar i fôr. Alle mikroorganismar som blir brukte, må vere trygge og eigna til formålet, og det er ansvaret til fôrverksemdene å sørge for dette. Dette betyr blant anna at biomassen ikkje skal innehalde skadelege og uønskte stoff, inkludert smittestoff.
Det finst inga positivliste over kva artar av mikroorganismar som er tillatne å bruke i fôr. Sjølv om fôrvarekatalogen inneheld produkt og restar frå gjæring av mikroorganismar, er ikkje katalogen uttømmande. Han fungerer primært som eit verktøy for å forbetre merking av produkt og fremje ærleg handel, og det er mogleg å bruke andre mikroorganismar enn dei som er oppførte der.
Mikroorganismar som står på EFSAs liste over Qualified presumption of safety recommended microorganisms (QPS), blir rekna som trygge. QPS-status inneber at mikroorganismen er førehandsvurdert med omsyn til tryggleik for menneske, dyr og miljø.
Ver merksam på at regelverket for genmodifiserte organismar i Noreg skil seg frå regelverket i EU. Det er ikkje tillat å nytte genmodifiserte mikroorganismar i fôr med mindre dei er godkjende av Mattilsynet.
Vekstmedium
Mikroorganismar treng tilgang til ulike innsatsfaktorar for å vekse, for eksempel sukker, stivelse, etanol, hydrogen eller CO2. Slike innsatsfaktorar er stort sett uproblematiske og kan brukast i produksjon av mikroorganismar i fôr.
Samtidig er det aukande interesse for å bruke resirkulerte innsatsfaktorar, slik som vatn frå resirkuleringsanlegg for setjefisk (RAS-anlegg) eller grensemjølk (blanding av mjølk og vatn frå skyljing av meieriutstyr). Regelverkssituasjonen for slike vekstmedium er likevel lite avklart. Etter gjeldande regelverk er det forbode at fôr inneheld eller består av fôrmiddel som inneheld avløpsvatn eller spillvatn frå hushald og industri, uavhengig av eventuell seinare behandling. Det er samtidig uklart om dette forbodet også omfattar dei nemnde eksempla og liknande vekstmedium.
Uklarleiken kjem av at reguleringa av biologisk materiale i stor grad avheng av om materialet blir klassifisert som vegetabilsk eller animalsk. Mikroorganismar blir derimot rekna biologisk (fylogenetisk) verken som dyr eller planter. Vekstmedia dei blir dyrka på, passar derfor ikkje eintydig inn i dagens regelverk for fôr eller gjødsel. Dette skaper usikkerheit om kva krav som gjeld for vekstmedia når mikroorganismane blir produserte, under dette krav etter fôrregelverket, gjødselregelverket og eventuelle krav om særskilde risikovurderingar – eventuelt i kombinasjon.
Avklaring av desse spørsmåla vil ha noko å seie for kva vekstmedium som kan brukast i produksjon av mikroorganismar, og kva for nokre av dei som ikkje kan brukast. For å unngå at innovasjon og investeringar i nye produksjonsmetodar som utnyttar hittil uutnytta råstoff og næringsstoff blir avgrensa, eller at industriell verksemd blir etablert på feil eller usikre premissar, er det derfor behov for fleire avklaringar. Mattilsynet jobbar med dette og oppdaterer rettleiinga fortløpande.
Det er uansett viktig å få meir kunnskap om risikoen ved å bruke resirkulerte vekstmedium, spesielt med tanke på mogleg overføring av uønskte stoff og smittestoff frå vekstmedia til mikroorganismane.