Meld frå om døde eller sjuke villfuglar

Tusen takk, meldinga di er registrert

Det er viktig at du varslar Mattilsynet, slik at vi kan vurdere om dyra skal undersøkast for smitte av fugleinfluensa. Vi bruker informasjonen du sender inn, til å halde oversikt over ville fuglar og pattedyr som blir sjuke eller døyr.

Dersom du ikkje høyrer frå Mattilsynet innan få dagar etter at du har meldt frå om eit dødt dyr, kan du rekne med at vi ikkje kjem til å ta prøver av dyret.

I område med kjent eller mistenkt fugleinfluensasmitte er det viktig at du er nøye med smittevernet ditt og handterer det daude dyret så lite som mogleg. Kontakt kommunen din for å få informasjon om korleis du skal avhende fuglen eller dyret.

Les meir om kva du skal gjere med døde eller sjuke villfuglar og andre dyr.

Til temasida om fugleinfluensa