Ull er eit animalsk biprodukt
Viss ull skal brukast som gjødsel, jordforbetringsmiddel eller jorddekke, er det fleire regelverk som må følgast. Dette gjeld både bruk på garden der ulla oppstår, og dersom gjødselproduktet skal omsettast.
Ull er eit animalsk biprodukt, og bruken av animalske biprodukt må skje i samsvar med krava i regelverket om animalske biprodukt. Dette regelverket har som formål å bidra til å hindre smitte og verne matkjeda.
Føresegnene gjeld ikkje for bruk på område der det blir dyrka for bruk i eige privat hushald. Regelverket set krav om at ull som skal brukast som gjødsel og jordforbetringsmiddel, må gå gjennom behandling/bearbeiding, med fastsette krav, før ho kan brukast på den måten.