Innførsel av biepollen

Det er fastsett tekniske føresegner om innførsel av fôr, som også gjeld animalske biprodukt til bruk som fôr.

Publisert

Desse føresegnene skal legge til rette for at det kan gjennomførast offentleg kontroll med kvart enkelt parti. Det medfører blant anna at den som vil innføre biepollen frå EØS til bruk som fôr eller i fôrblanding, må registrere seg som importør.

Føresegnene om innførsel frå EØS omfattar registrering, førehandsmelding i skjematenesta og melding i Traces.

Veileder om import - samhandel av fôrvarer (PDF)

For import frå land utanfor EU er det også krav om hygienesertifikat.

Regelverk

  1. Importkontrollforskriften
  2. Forskrift om handel med levende dyr m.v.