Krav til rutinar: Farekartlegging, beredskapsplanar og øvingar for vassverkseigar

vassverkseigar skal ha rutinar som sikrar at farekartleggingar og beredskapsplanar er oppdaterte, og at det blir gjennomførte øvingar

Publisert

Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2025? 

Vi tilpassar fokuset vårt på grunn av den endra sikkerheitssituasjonen i Europa og Norden.

Mattilsynet jobbar med å styrke beredskapen innan mattryggleik, drikkevatn, dyre- og plantehelse, og dessutan atomberedskap. Vassforsyningssystem er ein av dei mest kritiske samfunnsfunksjonane, og vern og vedlikehald av desse systema er avgjerande for å sikre tilgang til trygt drikkevatn og støtte andre viktige samfunnsfunksjonar. Det er derfor viktig at Mattilsynet fører tilsyn med drikkevassforsyningane i 2025. Vi vil kontrollere om vassverkseigarar har etablert rutinar som sikrar at vassforsyninga oppfyller krava til helse, sikkerheit og leveringssikkerheit, og at rutinane er baserte på ei farekartlegging.

Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette? 

Vi vil bruke vassverksdata frå dei årlege innrapporteringane og andre risikobaserte kriterium, for å velje ut vassverk vi ønsker å føre tilsyn med i 2025. Gjennom tilsyn vil vi også rettleie vassverkseigarar om viktigheita av regelmessige farekartleggingar, at resultata etter kartlegginga blir vidareførte inn i revisjon av beredskapsplanen og at vassverkseigarar gjennomfører øvingar baserte på oppdaterte planar.

Kva betyr det for deg?  

De skal igjennom den årlege innrapporteringa svare på spørsmål under teamet «Sikkerheit/Beredskap/Internkontroll», svara skal vere oppdaterte i forhold til aktiviteten i 2024.

Vi vil i løpet av 2025 utføre tilsyn med eit utval vassverk. Gjennomføringa av tilsynet vil bli varsla og tidspunkt for gjennomføring blir avtalt med dykk.

Relevante lenker 

§ 6 Farekartlegging og farehandtering - Rettleier til drikkevassforskrifta

§ 9 Leveringssikkerhet - Rettleier til drikkevassforskrifta

§ 10 Dere skal sikre vassbehandlingsanlegget og distribusjonssystemet - Rettleier til drikkevassforskrifta

§ 11 Beredskap - Rettleier til drikkevassforskrifta

§ 12 Beskyttelsestiltak - Rettleier til drikkevassforskrifta 

Leveringssikkerheit for drikkevatn