Leveringssikkerheit og alternativ drikkevassforsyning
Mattilsynet følger opp leveringssikkerheita til vassverka og den alternative drikkevassforsyninga.
Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2025?
Alle vassforsyningane skal levere trygt drikkevatn til kvar tid, og samfunnet har eit behov for å kjenne status og utfordringar om leveringssikkerheit ved vassforsyningsanlegg. Vi ønsker å bidra til at vassverka etablerer robuste reserveløysingar som sikrar leveringssikkerheita når den ordinære vassforsyninga sviktar, og vi har derfor prioritert dette arbeidet i 2025.
Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette?
Vi skal gjennom rettleiing og forvalting av regelverket bidra til at vassverkseigarar etablerer tilfredsstillande leveringssikkerheit, held distribusjonssystem ved like og aukar utskiftingsgrada på leidningsnettet. Regelverket stiller tydelege krav til leveringssikkerheit, og vi skal i møte med vassverkseigarane rettleie rundt krava og forventingar til alternativ drikkevassforsyning.
Vidare vil vi i gjennomgangen og oppfølginga vår av den årlege innrapporteringa til vassforsyningane av vassverksdata, ha ekstra merksemd på data som er knytte til leveringssikkerheit. Inspektørane vil utføre tilsyn hos vassverka og delta i felles møtepunkt med bransjen.
Kva betyr det for deg?
Du skal igjennom den årlege innrapporteringa svare på tre spørsmål under teamet «Alternativ drikkevassforsyning» som ein del av innrapporteringa på leveringssikkerheit.
Spørsmåla er:
- Kor mange prosent av abonnentane kan den alternative drikkevassforsyninga levere drikkevatn til?
- Kor mange døgn kan den alternative drikkevassforsyninga forsyne abonnentane?
- Er den alternative drikkevassforsyninga avhengig av at det blir levert nødvatn?
Vi vil i løpet av 2025 utføre tilsyn med eit utval vassverk. Gjennomføringa av tilsynet vil bli varsla, og tidspunkt for gjennomføring blir avtalt med dykk.
Relevante lenker
§ 9 Leveringssikkerhet - Rettleier til drikkevassforskrifta
Leveringssikkerheit for drikkevatn