Råvasskvalitet og vassbehandling

Vassbehandlinga ute i vassverka skal vere tilpassa råvasskvaliteten og farekartlegginga.

Publisert

Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2025? 

Innbyggarane skal ha tilgang til tilstrekkelege mengder helsemessig trygt drikkevatn som er klart og utan framståande lukt, smak og farge. Vatnet som det blir produsert drikkevatn av, blir henta frå kjelder i grunnen eller overflatekjelder i eit vassdrag. Vasskvaliteten blir påverka av aktivitetar i og rundt kjeldene, og vi ser i tillegg at klimaendringane fører til endringar av vasskvaliteten.

Det er viktig at vassverkseigarane følger med på dei endringane som skjer, og regelmessig vurdere behovet for å endre/utvide vassbehandlinga (vassreinsinga) for å kunne halde fram med å produsere trygt drikkevatn. Vi ønsker å bidra til at vassverkseigarane har merksemd på desse endringane, og at dei arbeider systematisk med å kartlegge og overvake vasskvaliteten, slik at det er etablert vassbehandlingstrinn som handterer endringane/variasjonane i vasskvaliteten.

Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette? 

Vi vil gjennomføre tilsyn med vassbehandlingstrinna hos vassverkseigerane. For å kunne etablere ei effektiv vassbehandling må ein ha kjennskap om vasskvaliteten i kjelda. Vi ønsker å sjå om vassverkseigarar gjennomfører regelmessige analysar av vatnet frå kjelda det skal produserast drikkevatn av, og om vasskvaliteten blir overvakt gjennom heile året slik at årstidsvariasjonane blir kartlagde.

Vidare vil vi sjå om det er etablert tilstrekkelege hygieniske barrierar i vassbehandlinga, i lys av analyseresultat, trendar og utvikling i vasskvaliteten i kjelda og nedslagsfeltet for kjelda.

Vi ønsker å sjå på om vassverksseigar i farekartlegginga si har vurdert påverkinga frå klimaendringane på råvasskvaliteten og den etablerte vassbehandlinga.

Kva betyr det for deg? / Kva kan du/verksemda di forvente? 

De skal ha etablert ein prøvetakingsplan som er basert på ei farekartlegging, og som viser utvikling av vasskvaliteten over tid. De skal også ha vurdert om det er forhold i nedslagsfelt eller i kjelda som påverkar eller kan påverke vasskvaliteten, og/eller om klimaendringane påverkar eller kan påverke vasskvaliteten.

Ut frå desse undersøkingane og den kjennskapen de har, skal de ha etablert tilstrekkelege hygieniske barrierar i vassbehandlinga, som også er robust nok å fungere tilfredsstillande sjølv om vasskvaliteten vil variere. Vi vil i løpet av 2025 utføre tilsyn med eit utval vassverk. Gjennomføringa av tilsynet vil bli varsla, og tidspunkt for gjennomføring blir avtalt med dykk.

Relevante lenker

§ 13 Vannbehandling | Veileder til drikkevannsforskriften

§ 6 Farekartlegging og farehåndtering | Veileder til drikkevannsforskriften

Sida er ein del av denne rettleiinga: