Noreg har nasjonale mål for vatn og helse som, saman med regelverk, gir føringar for arbeidet med å sikre nok og trygt drikkevatn.
Vassverkseigarar og kommunar skal følge opp dei nasjonale måla.
Mattilsynet ser på beskyttelse av drikkevasskjelder, leveringstryggleik og utbetring av leidningsnettet som særleg viktige mål. I tillegg er det sett mål for offentlege avløpssystem og avløpsreinsing.
Utgangspunktet for dei nasjonale måla er ein internasjonal avtale som forpliktar Noreg til å bidra til nok og trygt drikkevatn og tilfredsstillande sanitærforhold for alle. Dei nasjonale måla blei revidert og vedtatt i februar 2024, saman med ein ny gjennomføringsplan som går på tvers av sektorar. Dei nasjonale måla er knytta til ulike område der det er viktig med forbetring eller endring. Gjennomføringsplanen beskriv tiltak for å oppnå måla.
Målsettingane er bygde opp slik:
- Måla er tematisk formulert for å vise kva ein ønskjer å få til på eit overordna nivå.
- Indikatorane er valt for å gjera det mogleg å vurdera status og måloppnåing.
- Kriteriet er ei konkretisering av når eit mål er nådd. Konkrete og tydelege formulerte kriterium vil bidra til at dei nasjonale måla vil vere enklare å bruke i praktisk arbeid.
Døme
Mål: Distribusjonssystemet for drikkevatn skal bli fornya, ikkje forfalle
Indikator: Andelen årleg fornying av distribusjonssystemet
Kriterium: 1,2 % fornying i gjennomsnitt nasjonalt innan 2033. 2 % fornying i vassforsyningar der tilstanden på distribusjonssystemet krev det.
Utdrag frå målsettingane i nasjonale mål for vatn og helse
Det er sett 25 nasjonale mål for vatn og helse. Dette er mål 1 – 14, som handlar om drikkevatn.
- Ingen skal bli sjuke av drikkevatnet
- Drikkevatn skal ikkje ha mikrobiologiske avvik
- Drikkevatn skal ikkje ha kjemiske og sensoriske avvik
- Alle vassførekomstar med uttak av drikkevatn skal vere beskytta mot forureining
- Kommunal samfunnsplanlegging skal sikre innbyggarane trygt drikkevatn og drikkevassomsyn skal vere ivaretatt i arealplanlegginga
- Kommunane skal ha heilskaplege planar og tiltak som ser vatn, avløp og arealbruk i samanheng
- Drikkevassforsyningar skal ha vassbehandling som er tilpassa variasjonar i vasskvaliteten
- Lekkasje av drikkevatn skal reduserast
- Distribusjonssystemet for drikkevatn skal fornyast, ikkje forfalle
- Det skal ikkje være uventa brot i drikkevassforsyninga
- Kommunane si overordna risiko- og sårbarheitsanalyse skal ta vare på tryggleiken i drikkevassforsyninga
- Kommunen sitt beredskapsplanverk skal sikre alternativ drikkevassforsyning for alle, om nødvendig gjennom samarbeid
- Befolkninga skal få informasjon om drikkevatnet dei får levert
- Vassførekomstar skal ha god kjemisk og økologisk tilstand
Revidering av måla blei initiert og leia av Helse- og omsorgsdepartementet (HOD), Klima- og miljødepartementet (KLD), Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) og Justis- og beredskapsdepartementet (JD).
Les meir og sjå alle dei 25 måla og gjennomføringsplanen: Nasjonale mål for vann og helse med gjennomføringsplan (regjeringen.no)