Behandling av produksjonsdyr med hormonpreparat
Regelverket stiller krav til kven som kan utføre behandling med hormonpreparat på produksjonsdyr, og korleis det skal dokumenterast. Behandling av produksjonsdyr med slike preparat skal bli utført av veterinær.
Bruk av hormonpreparat som progesteron eller tilsvarande til brunstsynkronisering og embryoimplantasjon hos produksjonsdyr er regulert i restkontrollforskrifta.
Krav om direkte administrering av veterinær
Behandling av produksjonsdyr med slike preparat skal utførast direkte av veterinær på dyr som er klart identifiserte. Dette betyr at administrering av progesteronpreparat ikkje kan bli overlate til dyreeigaren.
Mattilsynet kan i særlege tilfelle gi dispensasjon frå føresegnene i restkontrollforskrifta.
Dagens praksis nokre stader er ikkje i tråd med regelverket
Mattilsynet er kjent med at det blir praktisert at dyreeigarar administrerer Altresyn (altrenogest) etter resept frå veterinær for brunstsynkronisering av purker.
Denne praksisen er ikkje i tråd med regelverket.
Ansvaret til veterinæren
Veterinæren skal sjølv administrere altrenogest (Altresyn) og tilsvarande legemiddel gjennom heile behandlingsperioden.
Veterinæren skal også journalføre behandlinga i samsvar med gjeldande krav.
Kvifor er dette viktig?
Hormonpreparat kan gi restmengder i kjøtt dersom dei blir brukte feil eller dokumenterte mangelfullt. At veterinæren utfører og dokumenterer behandlinga sjølv, er nødvendig for å vareta korrekt dosering, sporbarheit og mattryggleik.
Altresyn (altrenogest) kan ha mange negative helseeffektar for menneske. Kvinner kan oppleve forstyrra menstruasjonssyklus, livmorkrampar, blødingar frå livmor og forlengt svangerskap, og hos menn er det registrert redusert libido. Korrekt bruk og handtering av legemiddelet er derfor svært viktig. Ein må unngå søl på hud og omgivnadene, og legemiddelrestar og tomme pakningar må bli returnerte til apotek.
Legemiddelet bli skild ut i urin og avføring, og gjødsel frå dyrehald der legemiddelet er brukt, må ikkje spreiast på jord nær innsjøar, tjern, myrar og vassdrag. Sjølv svært låge konsentrasjonar av legemiddelet kan påverke hormonbalansen og reproduksjonsevna til akvatiske dyr.