Til hovedinnhold

Handtere kjæledyr og hest smitta med antibiotikaresistente bakteriar

Her finn du retningslinjer for korleis du som dyrehelsepersonell skal handtere kjæledyr og hest som er smitta med antibiotikaresistente bakteriar.

Publisert

Retningslinjer for handtering av kjæledyr og hest smitta med resistente bakteriar (vetnett.no)

Retningslinjene er tenkte som ei hjelp til praktiserande veterinærar når dei må handtere situasjonar der det blir påvist meldepliktige resistente bakteriar hos kjæledyr og hest.

I retningslinjene får du råd og rettleiing om handtering og behandling av dyra. Du finn også tilrådingar om tiltak i verksemdene der det blir påvist resistente bakteriar, og dessutan råd og rettleiing til dyreeigarane.

Retningslinjene er oppdaterte i samsvar med dyrehelseforskrifta, som blei fastsett i april 2022.

Les meir om meticillin-resistente Staphylococcus aureus (MRSA)

Du skal melde frå om visse antibiotikaresistente bakteriar

Som eit av tiltaka i handlingsplanen til regjeringa mot antibiotikaresistens vart meldeplikta for veterinærar og laboratorium i 2019 utvida til også å gjelde påvising av visse antibiotikaresistente bakteriar hos dyr som kan overførast til menneske.

Formålet er å kartleggje førekomsten av desse bakteriane hos alle dyreartar, inklusive kjæledyr og hest, for på den måten å få eit betre kunnskapsgrunnlag for å kunne avgrense utviklinga av antibiotikaresistens.

Sjå når du skal melde frå om resistente bakteriar

Grunngiving