MRSA
Sjå status for førekomsten av MRSA og les kva Mattilsynet gjer for å få bukt med sjukdommen hos norske husdyr.
Sjå status for førekomsten av MRSA og les kva Mattilsynet gjer for å få bukt med sjukdommen hos norske husdyr.
Det finst lite LA-MRSA i Noreg. LA-MRSA hos norske husdyr blei påvist for første gong i 2011, på eit slakteri. Første gong det blei påvist i ei norsk svinebesetning var i 2013.
Mattilsynet har som mål å halde denne bakterien borte frå norske svinebesetningar. I samarbeid med Veterinærinstituttet har Mattilsynet årlege kartleggingsprogram som undersøker førekomsten av denne bakterien.
MRSA står for meticillin-resistente Staphylococcus aureus. Det er variantar av "gule stafylokokkar", som har utvikla motstand mot fleire viktige antibiotika som blir brukt for å behandle infeksjonar hos menneske og dyr.
Det finst fleire ulike variantar av MRSA. Den varianten som etablerer seg lett hos dyr, blir kalla for LA-MRSA (*livestock-associated MRSA), eller dyreassosiert MRSA. I Noreg har vi påvist LA-MRSA hos griser.
LA-MRSA hos storfe, småfe og svin er ein sjukdom på nasjonal liste 2. Viss du mistenker eller påviser MRSA på desse artane, skal du melde frå til Mattilsynet omgåande: Melde frå om resistente bakteriar