Obligatorisk kurs for privatpraktiserande veterinærar som ønsker å utføre ante mortem-kontroll i felt

For å kunne utføre ante mortem-kontroll av nødslakt, oppdrettsvilt avliva på garden og ved feltslakting, må privatpraktiserande veterinærar gjennomføre eit obligatorisk kurs.

Fagleg gjennomgått

Ante mortem-kontroll utføras normalt på slakteriet av offentleg veterinær i Mattilsynet. Mattilsynet kan gi løyve til at "utpeika offentlege veterinærar" utfører kontrollen i felt, altså utanfor slakteriet. For dette formålet har Mattilsynet, i samarbeid med NMBU, utvikla eit kurs som kvalifiserer privatpraktiserande veterinærar til å bli utpeika som offentleg veterinær og utføre ante mortem-kontroll i felt.

Ordninga gjeld berre i tre situasjonar:

  • nødslakt
  • oppdrettshjort
  • feltslakting av berre nokre få storfe, tamsvin, hest eller småfe

Veterinærstudentar i Noreg og i utlandet kan ta kurset, men kan ikkje utføre ante mortem-kontroll i felt eller signere nødslakteattestar før dei er autoriserte som veterinær. Dersom du planlegg å arbeide i stordyrpraksis og utføre slik kontroll i felt, er kurset obligatorisk.

Berre privatpraktiserande veterinærar som har bestått kurset kan utføre ante mortem-kontroll utanfor slakteri. Det blir ikkje gitt fritak eller dispensasjon, sjølv om du har fordjuping i mattryggleik eller tilsvarande utdanning.

Sjå meir informasjon og moglegheit for å melde deg på eller sette deg på venteliste (nmbu.no)

Kvifor du bør ta kurset

I kurset får du:

  • fagleg påfyll
  • oppdatert informasjon om regelverket som gjeld
  • grunnleggande kunnskap om kva som skal til for å vareta mattryggleiken og dyrevelferda når du utfører ante mortem-kontroll i felt
  • kunnskap om kva kriterium som må vere oppfylte for at dyr kan nødslaktast eller slaktast og brukast til mat
  • ei betre forståing for rolla di som offentleg veterinær
  • informasjon om kvifor det er viktig at sertifikata blir rett fylte ut

Når du har fullført kurset og bestått testen, vil Mattilsynet peike ut deg som offentleg veterinær for ante mortem-kontroll i felt.

Finn meir rettleiing hos oss

For meir informasjon om ante mortem-kontroll i felt-nødslakt, oppdrettsvilt avliva på driftseininga og feltslakting, sjå Slakting av landdyr. Der finn du også dei aktuelle sertifikata som skal fyllast ut.