Importert pollen og honning gir risiko for smitte av open og lukka yngelròte

Dersom du importerer honning eller pollen som skal nyttast til fôr til bier og humler, er det ein risiko for at produkta inneheld bakteriar eller sopp som kan gi sjukdom på insekt.

Publisert

Honning kan bere smittestoff med seg, og bakteriane som forårsakar lukka yngelròte, kan overleve godt i honning. Bier skal derfor ikkje fôrast med honning. Dette er særleg viktig for importert honning.

Bakteriar i pollen

I pollen reknar ein med at bakteriane som forårsakar open yngelròte, kan overleve godt over lengre tid.

I tillegg reknar ein med at aktuelle soppartar som forårsakar steinyngel og kalkyngel, overlever godt i pollen.

Det er sannsynleg at pollen oppsamla i bigardar med ein av desse sjukdommane, kan overføre dei same sjukdommane til bisamfunn der dette pollenet blir nytta som fôrtilskot.

Smittekonservering og mogleg spreiing skjer truleg lettare med pollen enn med honning. Det bør bli gjort pålitelege analysar for førekomst av relevante smittestoff for kvart parti det blir importert frå.

Bakgrunn for rådet