Overvakingsprogram for fotråte på sau
Fotråte er ein meldepliktig liste-2 sjukdom. Den er ei smittsam og kronisk klauvliding der sau, spesielt eldre, er dei som oftast viser dei alvorlegaste sjukdomsteikna. Geit og storfe er også mottakelege for smitte.
I 2008 blei fotråte påvist i Rogaland for første gong sidan 1948, og sjukdommen spreidde seg til ei rekke besetningar i Rogaland og Aust-Agder. Smitten var truleg eit resultat av import. Gjennom «Friske føter», eit samarbeidsprosjekt mellom Husdyrnæringen, Veterinærinstituttet og Mattilsynet, blei kamp mot fotråte starta. Samarbeidsprosjektet varte frå 2008-2014. Etter 2014 overtok Mattilsynet ansvaret for overvakingsprogram for fotråte.
Målet med programmet er å tidleg oppdage restsmitte av fotråte, slik at nedkjempingstiltak raskt kan settast i verk. Ytterlegare seks smitta flokkar er identifiserte gjennom overvakingsprogrammet sidan 2014, men smitte er ikkje påvist sidan 2014 i Agder og 2019 i Rogaland. I nabolanda våre, og fleire andre europeiske land, er fotråte utbreidd.
- Kva blei undersøkt?
Føtene til sau til slakt blei undersøkte med tanke på forandringar som er samsvarande med fotråte. Animalias klauvinspektørar deltok i målretta inspeksjonar ved slakteri i Rogaland fordelte på 140 inspeksjonsdagar.
I 2024 blei det samla inn 141 prøver frå 127 dyr som hadde kliniske symptom som kunne vere i samsvar med fotråte.
- Tidsrom
- 2024
- Kva leita vi etter?
Prøvene blei undersøkte med molekylære metodar for å oppdage bakterien Diechelobacter nodosus, som forårsakar fotråte.
- Kva fann vi?
Det blei ikkje påvist fotråte i nokon av prøvene i 2024. Den siste påvisinga av fotråte på sau var i 2019.
- Kven utførte oppdraget?
På slakteriet bruker vi erfarne «snuere» til å inspisere sauene og plukke ut dyr med kliniske symptom. Dei har i 2024 hatt 114 inspeksjonsdagar i perioden når det blir slakta mykje sauer. Veterinærinstituttet analyserer prøvene.
Du finner OK-programmet på Veterinærinsituttets nettsider: Fotråte hos sau (vetinst.no).