Fotråte

Fotråte er ein sjukdom som rammar småfe. Her får du rettleiing om meldeplikt, førebygging og kamp.

Abonner på nyheitsbrev

Meld fra om liste 2-sykdom

Dette er en dyresykdom på nasjonal liste 2. Varsle Mattilsynet umiddelbart på 22 40 00 00 ved mistanke eller påvisning på dyr.

Nasjonal liste 1, 2 og 3

Sjukdommen har ikkje blitt påvist i Noreg dei siste åra

Sjukdommen førekjem i dei fleste land, men har ikkje blitt påvist i Noreg dei siste åra.

Mattilsynet kjempar mot sjukdommen, og målet er å utrydde den. 

Om sjukdommen

Fotråte er ein smittsam, kronisk bakterieinfeksjon i klauvene på småfe. 

Symptom

Sjukdommen har i regelen ei langsam utvikling. Når den bryt ut, kan den forårsake omfattande skadar i klauvene. I enkelte tilfelle kan heile eller delar av klauvsålen lausne. 

Korleis smittar sjukdommen?

Den største smittefaren er inntak av levande dyr i småfeanlegget ditt.

Fotråte-smitten kan overleve svært lenge i klauvene hos infiserte dyr, men overlever berre om lag 14 dagar i miljøet (tørre golv, strekkmetall, beiter). Smitten kan sannsynlegvis overleve lengre tid i talle (snl.no) (snl.no). 

Beiter o.l. reknas som fritt for fotråte-smitte dersom det ikkje har gått sau (eller andre smitta dyr) der dei siste 14 dagane. 

Kan sjukdomen smitte til menneske?

Nei, fotråte smittar ikkje til menneske.