Til hovedinnhold

Råd til saueklypparar

Publisert

Tenk fyrst og fremst på fottøy, overtrekkstøy, utstyr og personleg hygiene, slik at ikkje du er årsak til at smittestoff vert overført frå eit fjos til eit anna.

  1. Kontakt fyrst distriktskontoret der du skal klyppe for å få greie på om nokon er pålagt offentlege restriksjonar eller om det er andre forhold som ein saueklyppar bør ha kjennskap til. Det er viktig å kjenne til offentlege restriksjonar og andre forhold ein saueklyppar kan ha nytte av, (til dømes mistanke om sjukdom, andre sjukdommar som ikkje krev restriksjonar, private isolasjonstiltak osv.) Som saueklyppar skal du innhente slike opplysningar. Hugs at du kan verte halden strafferettsleg ansvarleg for å ha spreidd smitte dersom du har oppført deg klanderverdig.
  2. Legg aldri opp til dårlegare hygiene enn det dyreeigar ynskjer. Det er viktig å rette seg etter eigaren som sjølv ”legg lista” i høve til smitteførebyggjande tiltak, uansett om du tykkjer tiltaka er for overdrivne.
  3. Forlang vaskevatn til handvask, med såpe og handkle/papir. Forlang vatn til vask av støvlar dersom du brukar det. Anbefal dyreeigar å halde eige filtteppe, filtsko eller anna skotøy, og kjeledress. Du bør vurdere å nekte/truge med å nekte å gå inn i eit fjos der eigaren ikkje legg til rette for eit nødvendig minimum av smittebeskyttelse. Hugs at du vil kunne verte skulda for å spreie smitte!
  4. Dersom ikkje eigaren har filtteppe, filtsko eller anna skotøy, kan du bruke gummistøvlar, filtsko eller joggesko. Filtsko og joggesko må vaskast i vaskemaskin (60°C) og desinfiserast før bruk i ny buskap. Gummistøvlane må vaskast og desinfiserast før du går inn i eit nytt fjos. (Får ein vaska ”driten” av gummistøvlane, fjernar ein kanskje 90% av smittestoffa, desinfeksjonsmiddelet fjernar kanskje 90% av dei resterande smittestoffa osv.) Det er mogeleg å vaske filtsko ved 60 grader i vaskemaskin, dynke dei i VirkonS og la dei tørke (ikkje tørketrommel). Dette må du gjere dersom du vil nytte eigne filtsko i fleire buskapar. Med andre ord må du som saueklyppar ha ein god del par filtsko å veksle mellom, dersom du ikkje klarer å få dyreeigaren til å kjøpe eit par til å ha i eigen buskap. Du kan som arbeidstøy bruke eiga bukse og T-skjorte. Desse må du i så fall og skifte og vaske før du går inn i neste buskap. Til klyppeunderlag kan i staden for filtteppe nyttast gummimatte eller finerplate.
  5. Skift knivar på klyppemaskina før du går inn i neste fjos. Knivane skal vaskast og desinfiserast før dei kan nyttast i eit anna fjos. Tørk over eller spray klyppemaskina med Virkon S før du går inn i neste fjos.
  6. Prøv å ha klyppeutstyret liggjande på eit reint bord, eller bruk i det minste ein rein papirsekk (vrengt) el., slik at det kjem minst mogeleg i kontakt med urin, avføring osv.