Unngå smitte frå folk og dyr

Den viktigaste smittevegen for fotrote er flytting av levande sau mellom anlegg med ulik driftsansvarleg. I tillegg kan besøkande ta med seg smitte inn i dyrehaldet ditt.

Fagleg gjennomgått

Vask og desinfisering

  • Besøkande skal bruke dyrehaldet sine eigne klede og fottøy eller eingongsovertrekk.
  • Alle fjøs bør ha smittesluse. I det minste skal besøkande ha moglegheit for å skifte til anlegget sitt eige tøy viss dei ikkje har eige eingongsovertrekk og støvlar. Det skal vere moglegheiter for klesvask. Støvlar og fottøy som blir brukte i fleire ulike anlegg med dyr skal vaskast og desinfiserast mellom kvar gong dei nyttast i eit nytt dyrehald.
  • Dyreeigar må forsikre seg om at saueklipparar har reint overtrekksstøy, desinfisert fottøy og desinfisert utstyr. Til desinfeksjon er det viktig å bruke eit middel som verkar mot fotrote-bakterien, for eksempel Virkon S. Husk at for at dei fleste desinfeksjonsmiddel skal verke, må utstyret vere grundig reingjort først.
  • Persontrafikk mellom anlegg bør reduserast til det absolutt minimum.

Gjetarhunden

  • Du bør skylje grundig av labbar og buk før hunden skal i kontakt med sauer frå eit anna anlegg og etter at han har vore i kontakt med dyra.
  • Bakteriedrepande sjampo (for eksempel klorhexidin-sjampo) kan brukast.

Andre dyr

  • Geit og storfe kan også ha infeksjonar med smittestoffet som forårsakar fotrote i klauvene. Hugs at andre artar kan vere passive berarar av smitten og kan spreie smitte i husdyrmiljøet.