Vaksinasjon av kaninar mot kaningulsott (RHD)
Sjølv om kaningulsott er ei liste 2-sjukdom, er det er tillate å vaksinere mot sjukdommen. Vaksinen Yurvac Rhd blir brukt som vaksine mot kaningulsott. Vaksinen har marknadsføringsløyve i Noreg.
Det har dei siste åra blitt påvist kaningulsott fleire stader i Noreg. Mattilsynet anbefaler særleg at kaninar som blir haldne ute, i store kaninhald og kaninar som deltar på utstillingar eller konkurransar blir vaksinerte mot kaningulsott av ein veterinær.
Kaningulsott er klassifisert som ei liste 2-sjukdom i dyrehelseforskrifta, noko som betyr at sjukdommen er meldepliktig til Mattilsynet.
I samsvar med dyresjukdomnedkjempingsforskrifta § 7 er det i utgangspunktet forbode å vaksinere mot liste 1- og liste 2-sjukdommar. Det er likevel tillate å vaksinere mot nokre liste 2-sjukdommar, som for eksempel kaningulsott.