Ikkje ta med smittsam dyresjukdom heim frå ferie – råd til deg som skal ut og reise
Du som reiser til område i utlandet med utbrot av alvorleg smittsam dyresjukdom, må vere ekstra påpasseleg med å ikkje dra smitte til Noreg. Her får du råd for å unngå at uønskt smitte blir med heim frå ferie.
Nokre av dei mest alvorlege dyresjukdommane er svært smittsame, det gjeld til dømes afrikansk svinepest og munn- og klauvsjuke. Desse sjukdommane smittar både direkte frå dyr til dyr, gjennom produkt frå dyr, via menneske og med vind.
Med reiseverksemd kan vi få smittestoff inn i landet, som vi har lite av eller ikkje har frå før.
Når alvorleg smittsam dyresjukdom blir påvist, vil lokale styresmakter innføre restriksjonar i eit område rundt utbrotet. Dette gjer dei for å avgrense smittespreiinga. Informasjon om smittesituasjonen og eventuelle restriksjonar der du er på reise, får du hos lokale myndigheter.
Ikkje ta med matvarer eller andre produkt frå dyr i område med utbrot
Det er forbode å ta meieriprodukt og kjøtt som ikkje er kontrollert av offentleg myndigheit ut frå område med restriksjonar på grunn av alvorleg smittsam dyresjukdom.
Derfor må du dokumentere kvar produkta kjem frå, når du tek med deg animalske produkt (som kjøtt, fisk, egg eller meieriprodukt) frå land med utbrot av smittsame dyresjukdommar.
Animalske produkt kjøpte i ein daglegvarebutikk er som regel kontrollerte av offentleg myndigheit. Produktet eller emballasjen skal ha eit ovalt identifikasjonsmerke/stempel som dokumenterer opphav.
Unngå å ta med kjøtt og meieriprodukt som er kjøpte frå ein privatperson eller kjøpte på marknad eller liknande, heim frå reise. Matvarer fra områder med utbrudd av smittsomme dyresykdommer
Når du kjem heim, unngå kontakt med norske husdyr
Når du kjem heim frå utlandet, unngå at sko og klede som er brukte i område med utbrot, kjem i kontakt med norske husdyr eller blir tatt inn i norske husdyrhald. Hugs også at det skal gå minst 48 timar, helst 72, etter at du har vore i område med alvorlege smittsame dyresjukdommar til du kan vere i kontakt med norske gardsdyr.