Vaksiner tamduene dine mot newcastlesjuke
Newcastlesjuke er ein dødeleg virussjukdom som ofte finst hos ville duer. Tamme duer bør vaksinerast for å hindre at dei blir smitta og døyr.
Duer som skal delta på utstillingar, i konkurransar eller i treningsflygingar i Noreg, skal vere vaksinerte mot newcastlesjuke og komme frå anlegg der alle duene er vaksinerte mot denne sjukdommen.
Fleire jegerar bruker tamme duer for å trene jakthundar. Desse duene er ofte i kontakt med ville duer og har høg risiko for å bli smitta. Mattilsynet anbefaler at du som bruker duer til trening av jakthund, vaksinerer duene dine, sjølv om det ikkje er påbode for desse. Ta kontakt med ein veterinær for hjelp til vaksinasjon. Viss berre ei av duene dine blir smitta, vil sannsynlegvis resten av flokken din også bli smitta. Fleire duer og andre fuglar i området rundt deg kan bli sjuke og døy.
Konsekvensar ved utbrot
Newcastlesjuke på duene dine vil få store konsekvensar for duene og for andre dyrehald med fuglar i eit ganske stort område rundt deg. For å hindre smittespreiing blir det oppretta soner med restriksjonar rundt dyrehaldet med utbrot, noko som får konsekvensar for hobbydyrehald med fuglar og kommersiell produksjon av egg og kjøtt.
Registrer duehaldet ditt hos Mattilsynet
Slik registrerer du hobbyfjørfehald hos Mattilsynet
Det er viktig for oss i Mattilsynet å vite kor mange dyrehald med fugl som finst, og kvar dei er lokaliserte, slik at vi hurtig og effektivt kan sette inn tiltak for å førebyggje og forhindre vidare smittespreiing.
Vi ønsker også at du held informasjonen om dyrehaldet ditt oppdatert. Det er viktig for den generelle sjukdomsberedskapen. Dersom du for eksempel bestemmer deg for å slutte med dyr, er det viktig at du gir beskjed til Mattilsynet om dette slik at dyrehaldet ditt blir avregistrert.
Meld frå til Mattilsynet ved mistanke om smitte
Alle må melde Mattilsynet straks ved symptom på newcastlesjuke.
Symptom kan vere
- fuglar som døyr plutseleg
- fuglar som legg færre egg enn vanleg
- forandringar i eggeskalkvalitet
- fuglar som et og drikk mindre enn vanleg
- fuglar med diaré
- generell endring av åtferd i flokken
Symptoma på newcastlesjuke varierer sterkt avhengig av kva virusstamme dyra er smitta med. Sjukdommen kan også arte seg ulikt avhengig av art, alder og immunstatus hos fuglar som blir ramma. Newcastlesjuke kan variere frå akutt forløp med høg dødelegheit til eit sjukdomsforløp med få eller ingen symptom.
Ved mistanke, kontakt det lokale Mattilsynet på tlf. 22 40 00 00.