Til hovedinnhold

Rabies på Svalbard

Rabies har vore påvist hos dyr på Svalbard sidan 1980. Fastlands-Noreg er fritt for rabies.

Publisert

Det er krav om at hundar og kattar som blir innførte til Noreg er vaksinerte mot sjukdommen og derfor er det viktig at alle hunde- og katteeigarar følgjer vaksinasjonsreglane ved reiser med kjæledyr.

Kven gjer kva?

Mattilsynet er rådgivande fagstyresmakt på dyrehelseområdet på Svalbard. Det er Sysselmeistaren som har beredskapsansvaret på Svalbard og set i verk og koordinerer tiltak. Veterinærinstituttet analyserer prøver og gir Mattilsynet faglege råd. Folkehelseinstituttet gir faglege råd om smitte til menneske.

Kva skal ein gjere ved utbrot

Ved utbrot skal befolkninga på Svalbard følgje dei råda som blir gitt på Sysselmannens nettsider.

Innførsel av jakttrofé frå Svalbard til Fastlands-Noreg

Svalbard er ikkje ein del av EØS-avtalen, derfor er Svalbard å rekne som eit tredjeland ved innførsel av jakttrofé. Merk at det berre kan innførast jakttrofé frå dyr som ikkje er mistenkt for å vere angripe av sjukdommar som kan overførast til menneske eller dyr.

Innførsel av animalske biprodukt til forsking frå Svalbard

Ein må søke om innførselsløyve for å innføre animalske biprodukt til forsking til fastlandsnoreg. Sendinga skal via grensekontroll. Dersom Noreg er eit mellomland, må avsendar sørgje for at krava til mottakarland er oppfylte.

Innførsel av kjøtt

I utgangspunktet er det totalforbod mot innførsel av kjøtt, kjøttprodukt, mjølk og meieriprodukt frå Svalbard til Noreg, Island og EU. Likevel er det lov å innføre til Noreg – ikkje til Island eller EU – kjøtt frå vilt og produkt av slikt kjøtt såframt mengda ikkje overskrid 5 kg per person.

Fleire tiltak

Reven blir rekna som den mest sentrale smittespreiaren. Derfor vil det bli fanga rev i området rundt Longyearbyen. I tillegg vil det bli floge jamleg over området for å prøve å oppdage ytterlegare dyr som kan vere smitta.