Storfehald med smitte blir bandlagde
Bandlegging skal hindre smittespreiing.
Storfehald der det er påvist smitte, blir bandlagde av Mattilsynet. Dei får blant anna forbod mot å føre dyr ut av og inn i anlegget. I tillegg blir det gjort vedtak om sanering av smitte før bandlegginga kan opphevast.
Alle kontaktanlegg blir også bandlagde, for å hindre vidare smittespreiing. Kontaktanlegga blir vurderte, og det blir tatt prøver av dyr ved behov.
Bandlegginga blir oppheva når det ikkje lenger er mistanke om smitte.