Rapport

Overvakingsprogram for skrapesjuke hos småfe i 2025

Resultata for overvakinga frå 2025 viser at førekomsten av NOR98 er stabil, og det blei ikkje funne skrapesjuke i prøvene frå geitene.

Fagleg gjennomgått
Kva blei undersøkt?

Hjernevev frå 18 831 sauer og 542 geiter. PrP-genotyping blei utført på alle dyra som testa positivt.

Tidsrom
2025
Kva leita vi etter?

Førekomst av skrapesjuke hos småfe i Norge ved å sjå etter prion (PrPSc) i hjernevevet.

Kva fann vi?

Tretten sauer frå tolv forskjellige flokkar var positive for NOR 98. To var frå kategorien normalslakt, og dei andre var frå kategorien sjølvdøde eller avliva på garden. Førekomsten av NOR98 er stabil.

Det blei ikkje funne skrapesjuke i prøvene frå geitene.

Ein sau viste kliniske symptom som gav mistanke om skrapesjuke, men han viste seg å ikkje ha sjukdommen.

Kven utførte oppdraget?

Offentlege veterinærar og Biosirk tok prøver. Veterinærinstituttet utførte analysane.

Rapporten finn du på Veterinærinstituttes nettsider: Skrapesjuke hos sau og geit (vetinst.no)