Zoonoserapporten 2024
Det er framleis lite smitte mellom dyr og menneske i Noreg. Campylobacteriose og salmonellose er framleis dei zoonosane som førekjem oftast hos menneske. Førekomst av salmonellose hos menneske var på sitt høgaste på 10 år på grunn av eit større utbrot forårsaka av salmonellasmitte i spirer. Det var også eit stort utbrot av salmonellose hos kattar truleg knytt til smitte frå ville fuglar.
- Kva blei undersøkt?
Zoonoserapporten samanliknar tilgjengelege data om førekomst av bekrefta tilfelle av rapporteringspliktige zoonosar hos menneske og dyr, og dessutan resultat frå aktive overvakingsprogram for førekomst av zoonotiske agens hos levande dyr, i animalske produkt og fôrvarer
- Tidsrom
- 2024
- Kva leita vi etter?
Førekomsten av zoonotiske agens hos menneske, dyr, vatn og i mat i Noreg.
- Kva fann vi?
Førekomsten av zoonotiske patogener hos dyr held seg relativt stabil i 2024 og samsvarer med nivåa observert i tidlegare år.
I 2024 blei det rapportert den høgaste førekomsten av salmonellose hos menneske på 10 år som følge av salmonellasmitte på spirer. Det blei rapportert salmonellose hos 126 kattar som truleg hadde småfugl som smittekjelde.
- Kven utførte oppdraget?
Zoonoserapporten er utarbeidd av Veterinærinstituttet i samarbeid med Mattilsynet og Folkehelseinstituttet.
Innhaldet i denne rapporten inngår i den årlege felles europeiske rapporteringa gitt ut av den europeiske myndigheita for næringsmiddeltryggleik (EFSA).