Godkjenning av transportmiddel for dyretransport
Det gjeld ulike krav for godkjenning av transportmiddel, avhengig av kva typar transport ein skal gjennomføre og kva artar av dyr som skal transporterast.
Hestetransportmiddel
Alle transportmiddel som blir nytta til transport av hest skal vere godkjente.
Viss transportmiddelet berre skal brukast til hobbytransport, eller til næringsmessig transport på reiser under åtte timar, skal godkjenning givast av Statens vegvesen. Slik godkjenning er gyldig i maksimum tre år. Etter dette må transportmiddelet framstillast for ny kontroll hos Statens vegvesen.
Viss transportmiddelet skal brukast til næringsmessig transport over åtte timar, skal godkjenninga givast av Mattilsynet. Godkjenninga blir gitt for inntil fem år av gongen.
Før Mattilsynet gir slik godkjenning, skal transportmiddelet kontrollerast fysisk hos Statens vegvesen (trafikkstasjon).
Søknad om godkjenning av transportmiddel for næringsmessig transport over åtte timar, blir send inn på Mattilsynets skjemateneste.
Viss transportmiddelet har vore kontrollert hos vegvesenet, skal du legge sjekklista frå denne kontrollen ved som vedlegg når du søker om godkjenning.
Du finn informasjon om timebestilling for kontroll på trafikkstasjon på nettsida til Statens vegvesen (vegvesen.no).
Transportmiddel for andre artar enn hest
For andre artar enn hest, gjeld krav om godkjenning av transportmiddel berre viss det skal brukast til næringsmessig transport på reiser over åtte timar.
Slike transportmiddel skal vere godkjente av Mattilsynet. Godkjenninga blir gitt for maksimum fem år av gongen.
Transportmiddel som skal godkjennast for lange reiser med dyr av artane storfe, småfe, svin, fjørfe eller reinsdyr skal kontrollerast fysisk hos Statens vegvesen før du søker Mattilsynet om godkjenning. For andre artar kan du søke Mattilsynet om godkjenning utan at transportmiddelet er kontrollert hos Statens vegvesen først.
Søknad om godkjenning blir send inn på Mattilsynets skjemateneste. Viss transportmiddelet har vore kontrollert hos vegvesenet, skal du legge sjekklista frå denne kontrollen ved som vedlegg når du søker om godkjenning.