Tilsyn med transport av dyr
Alle som er involverte i transport av dyr har eit sjølvstendig ansvar for å sikre at transporten skjer på mest mogleg skånsam måte, og i tråd med dei reglane som gjeld.
Mattilsynet har ansvar for å føre tilsyn med at transport av dyr går føre seg etter reglane. Vi har også ansvar for å følge opp ved å gi rettleiing eller pålegg om tiltak dersom transporten ikkje blir gjennomført i samsvar med reglane.
Sida er ein del av desse rettleiingane:
-
Hobbytransport av dyr
Med hobbytransport siktar ein i all hovudsak til transport som ikkje blir utført i samband med næring, og som ikkje blir gjennomført av transportør som tar seg betalt for tenesta.
-
Næringsmessig transport av dyr
Transport som blir gjennomført som ein del av drifta i eit næringsmessig dyrehald eller ein næringsmessig aktivitet (for eksempel eit stutteri eller eit sauehald) eller transport som blir gjennomført av transportør som tar seg betalt for tenesta.