Dyrehaldaren skal verne beitedyra mot rovdyr og andre farar

Beitedyra skal ifølge dyrevelferdslova § 3 vernast mot fare (risiko) for unødige belastningar. Ifølge dyrevelferdslova § 24 første ledd bokstav b og forskriftene om dyrevelferd skal beitedyra vernast mot rovdyr og andre farar så langt som nødvendig og mogleg.

Fagleg oppdatert

Så lenge risikoen for belastningar er låg, er det tilstrekkeleg å føre vanleg tilsyn og hjelpe dyr som treng det. Når risikoen aukar, må dyrehaldaren forsterke tilsynet.

Om risikoen er høg, må dyrehaldaren aktivt gjennomføre tiltak som reduserer risikoen så mykje som mogleg. Om nødvendig må dyrehaldaren gjennomføre tiltak som skil beitedyra frå rovdyra i tid og rom.

For å verne beitedyra kan det ut frå risikonivået vere nødvendig at dyrehaldaren

  • har dyra på utmarksbeite når risikoen er minst mogleg
  • har dyra lengre på innmarksbeite
  • går over til meir eigna dyreartar eller rasar
  • redusere talet på dyr
  • tilpassar beiteområdet, eventuelt ved hjelp av elektronisk gjerde, slik at risikoen blir minst mogleg
  • gjeter beitedyra, altså er kontinuerleg saman med dei og bruker ulike verkemiddel for å halde rovdyra unna og hindre andre belastningar
  • set opp og held beitedyra innanfor fysiske gjerde mot
    • rovdyr
    • bilveg, toglinje, stup eller andre farlege stader
  • sankar inn eller flyttar beitedyra frå risikoområdet tidlegare enn planlagt
  • let vere å sleppe beitedyra i risikoområdet

Regelverk

  1. Dyrevelferdsloven § 3 og § 24
  2. Småfeholdforskriften § 4 og § 26
  3. Storfeholdforskriften § 4
  4. Storfeholdforskriften § 4
  5. Produksjonsdyrholdforskriften § 8