Mattilsynet rettleier dei som har ansvar for dyr
Mattilsynet forklarer kva for reglar som gjeld for dyrevelferd og saksbehandling i dyrevelferdssaker, og kva reglane betyr.
Vi rettleier både på heimesidene våre, på telefon og andre stader der dyreeigarar er i kontakt med oss.
Vi lagar skriftlege rettleiingar
Uansett kor detaljert ei lov eller ei forskrift er, kan det oppstå tilfelle der ein verksemd eller dyreeigar er usikker på korleis dei skal følgje reglane.
For å forklare korleis vi tolkar reglane, og korleis vi vil handheve dei, lagar Mattilsynet såkalla rettleiingar på ulike område. Ei rettleiing er ei skriftleg forklaring som ofte inneheld eksempel.
Vi rettleier om rettar og plikter i saker vi handterer
Mattilsynet rettleier om korleis vi handterer saker. Det betyr at viss du har ei sak hos Mattilsynet, skal vi fortelje deg kva for rettar og plikter du har under handteringa.