Mattilsynet sitt arbeid med dyrevelferd

Mattilsynet utviklar regelverk, fører tilsyn og rettleier verksemder og personar som eig dyr.

Innhald på denne sida

  1. Kva er dyrevelferd?
  2. Mattilsynet rettleier
  3. Mattilsynet fører tilsyn
  4. Dyrevernnemndene bidrar med lekmannsskjønn
  5. Mattilsynet utviklar regelverk
  6. Samarbeidsavtale med politiet om dyrevelferd
  7. Utveksling av informasjon mellom Mattilsynet og landbruksforvaltinga i saker om dyrevelferd
  8. Dette gjer Mattilsynet når nokon bryt dyrevelferdslova

Kva er dyrevelferd?


Mattilsynet rettleier

Mattilsynet forklarer kva for reglar som gjeld for dyrevelferd og saksbehandling i dyrevelferdssaker, og kva reglane betyr.

Vi rettleier både på heimesidene våre, på telefon og andre stader der dyreeigarar er i kontakt med oss.

Vi lagar skriftlege rettleiingar

Uansett kor detaljert ei lov eller ei forskrift er, kan det oppstå tilfelle der ein verksemd eller dyreeigar er usikker på korleis dei skal følgje reglane.

For å forklare korleis vi tolkar reglane, og korleis vi vil handheve dei, lagar Mattilsynet såkalla rettleiingar på ulike område. Ei rettleiing er ei skriftleg forklaring som ofte inneheld eksempel.

Vi rettleier om rettar og plikter i saker vi handterer

Mattilsynet rettleier om korleis vi handterer saker. Det betyr at viss du har ei sak hos Mattilsynet, skal vi fortelje deg kva for rettar og plikter du har under handteringa.


Mattilsynet fører tilsyn

Mattilsynet skal føre tilsyn med at dei som har ansvar for dyr, følgjer reglane.

Ansvaret for velferda til dyra ligg hos

  • dyreeigaren (for tamme dyr)
  • den som handterer dyret (for ville dyr)

Finn ut kven som har ansvar for kva når det gjeld ville dyr

Viss vi oppdagar at nokon ikkje følgjer reglane, skal vi reagere og prøve å få dyrehaldaren til å følgje regelverket. Sjå kva for verkemiddel vi kan bruke

Slik fører vi tilsyn

Mattilsynet brukar fleire metodar for å føre tilsyn med dyrevelferda. Den vanlegaste metoden er inspeksjonar i dyrehalda. Sjå ein kort video om kva som skjer når vi kjem på inspeksjon:

Andre viktige deler av tilsyns­arbeidet er at vi handterer søknader om tillatingar, godkjenningar og dispensasjonar (søknader om unntak frå krav i regelverket).

I tillegg gjennomfører vi tilsyns­kampanjar der vi ein periode rettar søkelyset mot eitt eller fleire avgrensa område.

Dette fører vi tilsyn med

Mattilsynet fører tilsyn med alle typar dyre­hald: Både tradisjonelle produksjons­dyr som storfe og gris, og dyr som blir haldne som kjæledyr eller for å delta i sport og konkurransar, som hest.

Slik veit vi kven som har dyr

For dei fleste artane av produksjons­dyr må ein melde frå til Mattilsynet om dyrehaldet. For nokre aktivitetar med fyr må ein også ha godkjenning frå Mattilsynet. På denne måten veit Mattilsynet om dyre­halda, og vi kan gjennomføre tilsyn med dei.

Dei som eig kjæledyr og sports­dyr, må som regel ikkje melde frå til Mattilsynet. Når vi fører tilsyn med slike dyrehald, er det som regel fordi vi har fått bekymrings­meldingar frå publikum, eller fordi vi har våre eigne erfaringar med dyrehaldet.

Tertial- og årsrapporter for dyrevelferd


Dyrevernnemndene bidrar med lekmannsskjønn


Mattilsynet utviklar regelverk

Mattilsynet deltar i utviklinga av regel­verket som skal vareta dyr si velferd i Noreg.

Regelverket består i hovudsak av dyrevelferdslova (lovdata.no) og forskriftene til lova. Det er Stortinget som vedtar lovene, og departementa som fastset forskriftene. Departementa som styrer Mattilsynet sitt arbeid med regelverk, er Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet.

Når vi jobbar med regelverk, involverer vi som regel både kunnskaps­institusjonar, som Vitskapskomiteen for mat og miljø, nærings­organisasjonar, dyrevern­organisasjonar og andre offentlege etatar. Vi sender òg utkastet til reglar på offentleg høyring, sånn at alle som vil, kan gi innspel.


Samarbeidsavtale med politiet om dyrevelferd

Mattilsynet og Politiet har hatt ein samarbeids­avtale sidan 2015. Det overordna målet for det tverr­etatlege samarbeidet er å styrke kampen mot dyrevelferds­kriminalitet.

Samarbeids­avtalen skal bidra til å sikre eit godt og konstruktivt tverr­etatleg samarbeid med respekt og forståing for etatane sine eigne pliktar og prioriteringar. I avtalen er ein einig om at etatane er ansvarlege for sine eigne prioriteringar og avgjerder, og for at desse blir melde, innførte og følgde opp i den einskilde etaten.

I samarbeidet skal det leggjast til rette for å kunne drøfte generelle problem­stillingar, og for å kunne utveksle generell informasjon som har betydning for kampen mot dyrevelferds­kriminalitet.


Utveksling av informasjon mellom Mattilsynet og landbruksforvaltinga i saker om dyrevelferd

Mattilsynet og Landbruks­direktoratet samarbeider og utvekslar informasjon. Rutinane for utvekslinga av informasjon i dyrevelferds­saker er vedlegg til den generelle samarbeids­avtalen mellom etatane.

Formålet med rutinane er å sikre god informasjonsflyt mellom Mattilsynet og landbruks­forvaltinga (det vil seie landbruks­kontoret i kommunen, landbruks­avdelinga hos Statsforvaltaren og/eller Landbruks­direktoratet) i saker der det ligg føre brot på regel­verket for dyre­velferd. Rutinane gjeld informasjon om dyrehald med produksjons­dyr og om slakteri.

Rutiner for utveksling av informasjon mellom Mattilsynet og landbruks­forvaltingen i saker om dyrevelferd (landbruksdirektoratet.no)


Dette gjer Mattilsynet når nokon bryt dyrevelferdslova