Spørsmål og svar om pukkellaks
Få svar på nokre av dei oftast stilte spørsmåla om pukkellaks.
Pukkellaks er ein laksefisk og ein framand art i Noreg. Han har stor evne til å spreie seg til nye område og etablere nye, større bestandar. Vi kan kjenne han igjen på den svarte tunga og dei store, svarte flekkene på halen.
Fisken gyter og får avkom annakvart år. Når fisken gyter, utviklar hannen ein pukkel på ryggen. Både hoer og hannar døyr etter gyting. I Noreg gyter pukkellaksen hovudsakleg i august.
Pukkellaksen har ein toårig livssyklus. Fisk som gyter i oddetalsår, får avkom som også gyter i oddetalsår, og dei gyter dermed ikkje saman med fisk som gyter i partalsår.
I Noreg er bestanden av fisk som gyter i oddetalsår, størst, men det finst også ein mindre partalsbestand.
Er det lov å fiske pukkellaks?
Ja, så framt fangsten ikkje påfører fisken unødig liding og skade. Etter fangst blir fisken bedøvd omgåande med eit kontant slag mot hjernen med ein eigna reiskap ("prest", hammar eller liknande verktøy) og bløgga.
Gjer deg kjend med reglane for fangst og rapportering av fangst på Fiskeridirektoratet si side om pukkellaks (fiskeridir.no).
Har pukkellaksen med seg smitte?
Ikkje som vi veit om, men pukkellaks er mottakeleg for dei same sjukdommane som annan laksefisk.
Det er eit generelt krav om at det ikkje er lov å flytte fisk eller avfall frå fisk mellom ulike elvar og vassdrag, fordi dette kan utgjere ein fare for spreiing av sjukdom mellom elvar med ulik smittestatus.
Er det trygt å ete pukkellaks?
Pukkellaks er ein god matfisk når han blir fanga i sjøen, og før han går inn i gytedrakt, det vil seie at han utviklar pukkel.
Fisken som går opp i elvane, eignar seg som matfisk. Når fisken utviklar gytedrakt/pukkel, er ikkje kvaliteten like god lenger, men han er ikkje farleg å ete.
For å sikre god kvalitet på pukkellaks er det viktig å fange fisken skånsamt, bløgge han raskt i vatn og kjøle han raskt ned etter avliving.
Kan eg gi bort pukkellaks eg har fiska, til andre?
Ja, det kan du.
Skal du gi bort eller selje fisk du har foredla (for eksempel røykelaks), må du registrere deg hos Mattilsynet. Det er ditt ansvar å vareta god hygiene og sikre at maten er trygg.
Røykt og grava laks og aure – tiltak mot listeria
Kan eg selje pukkellaks til fiskemottak?
Ein privatperson som fiskar pukkellaks, kan selje til fiskemottak. Du må først vere registrert hos Norges Råfisklag (rafisklaget.no). Avtal leveranse med fiskekjøpar før du begynner å fiske.
All fisk som skal inn i næringsmiddelkjeda, skal handterast i samsvar med regelverkskrav. Pukkellaks som blir seld til godkjende verksemder, kan eksporterast til marknaden på lik linje med annan norsk sjømat.
Regler ved fiske, landing og omsetning av fisk
Er drikkevatnet trygt der pukkellaksen har gytt?
Det er ikkje anbefalt å drikke ureinsa vatn i nærleiken av døde dyr.
Mattilsynet tar ikkje ut vassprøver av drikkevasskjelder i område der det har er eller har vore døde pukkellaksar.
Det er kommunen, eller den som eig drikkevasskjelda, som har ansvaret for at drikkevatnet er trygt. Du kan vende deg til kommunen eller eigaren av drikkevasskjelda viss du har spørsmål om drikkevatnet.
Forureining
Fisk som ingen vil ha eller som ikkje er eigna til konsum, må handterast av elveeigaren i samråd med Statsforvaltaren.
Meir informasjon om pukkellaks
Hos Miljødirektoratet kan du som fiskar pukkellaks med stong eller handsnøre i sjø, registrere fangst. Her finn du også informasjon om tiltak og uttak av pukkellaks.
Miljødirektoratet si side om pukkellaks (miljodirektoratet.no)