Dette ser Mattilsynet etter når vi sjekkar hundar som bur ute
Mattilsynet gjennomfører tilsyn for å sjekke at hundar som bur ute, har det bra. På tilsynsbesøket er det nokre ting vi er spesielt opptatte av.
1. Er hunden eigna til å bu ute, og har han eit godt nok hundehus?
Hundar med dårleg pels vil fryse dersom dei blir haldne ute om vinteren. Dette er ikkje god dyrevelferd. For at hunden skal vere eigna til å bu ute om vinteren, må han ha velutvikla og tett underpels og vassavstøytande dekkhår, og dessutan tett pels under og bak bogen, på brystet, magen, forhuda og pungen.
Tisper med kvalpar, kvalpar under seks månader og kvalpar over seks månader som ikkje har utvikla full vinterpels, er ikkje eigna til å bu ute om vinteren. Det kan også vere andre forhold som gjer at hundar ikkje kan bli haldne ute, sjølv om dei har rett type pels. For eksempel kan sjuke, skadde og gamle hundar ha behov for å bu i oppvarma rom.
Hundar som ikkje er eigna til å bu ute når det er kaldt, må ha tilgang på oppvarma rom.
For at hunden skal kunne kvile, halde varmen og trivast, er det også viktig at han har tilgang til eit godt hundehus med ein tørr, rein og mjuk liggeplass. Dette gjeld heile året. Hundehuset bør vere isolert. Halm, treull og høy kan vere eigna materiale med isolerande og absorberande eigenskapar, så lenge hunden har tilstrekkeleg pels og hald. Teppe, madrass eller liknande kan også brukast.
2. Får hunden nok vatn?
Hunden treng mellom fem og ti dl vatn per ti kilo kroppsvekt kvar dag. Behovet avheng blant anna av klimaet, kor mykje hunden blir trena, og kva han et.
Hunden bør ha tilgang til drikkevatn døgnet rundt. Når det er så kaldt at vatnet frys, må han få vatn minst to gonger i døgnet.
3. Følger du med på haldet til hunden?
Haldet og muskelfylden til hunden seier mykje om korleis han blir fôra og trena. Du vurderer hald og muskelsetting ved fysisk å kjenne på hunden, blant anna over skulderblada, ribbeina, lenda og korsryggen.
Ein frisk hund ligg ideelt sett på 4–5 av 9 haldpoeng, der 1 er avmagra, og 9 er svært overvektig.
4. Blir hunden godt nok verna mot sjukdom, skade og smitte?
Du har ansvar for helsa og velferda til hunden. Skadar og sjukdom skal du kunne oppdage gjennom det daglege stellet. I tillegg er det viktig at du tar ein grundigare sjekk av auge, øyre, tenner, pels, potar og klør kvar veke. Du bør også kontrollere haldet til hunden kvar veke.
Ver merksam på at tannskadar som oftast er smertefulle og bør følgast opp av veterinær.
Vaksinasjon og parasittbehandling er viktig for å førebygge sjukdom hos hunden. Spesielt i store hundehald er smittepresset stort.
5. Får hunden nok aktivisering og mosjon?
Hundar har behov for stimulerande aktivitetar og nok mosjon for å trivast. Å springe laus på eit eigna område, gå tur, trening (trekk, jakt, gjeting), oppleve nye miljø, sosial omgang med andre hundar, lydnadstrening, søke etter godbitar, gnage på kjøttbein eller vere inne i bustaden saman med folk er eksempel på stimulerande aktivitetar.
Hundar som blir haldne i hundegard eller står oppbunde, skal ha moglegheit for å springe fritt på eit større område og/eller i treningssamanheng fleire gonger i veka, helst dagleg.
Hundar som står oppbunde, skal koplast frå oppbindinga i minst ti timar per veke, fordelt på fleire gonger i veka.
Kravet om dagleg aktivisering gjeld heile året, ikkje berre i treningssesongen for trekkhundar og i jaktsesongen for jakthundar. Om sommaren kan høge temperaturar gjere at aktiviseringa av hunden må skje tidleg eller seint på dagen, og ein kan legge inn bading på turen.