Handtere avlsmateriale

Handtering av avls­materiale gir risiko for å spreie smittsame dyre­sjukdommar. Derfor har vi regelverk som skal førebygge smitte. Her får du ei overordna oversikt over reglane.

Publisert

Avlsmateriale omfattar sæd, oocyttar (eggceller) og embryo. Regelverket gjeld uttak, behandling, lagring, sending og innsetting av avlsmateriale frå

  • storfe, sau, geit, svin og hestedyr
  • hundar og kattar
  • landdyr som blir haldne i lukka anlegg
  • kamelidar og hjortedyr som blir haldne i fangenskap

Registrering og godkjenning av anlegg

Anlegg der det blir handtert avls­materiale frå sau, geit og hest som berre blir distribuert nasjonalt, skal registrerast hos Mattilsynet. Handterer anlegget avls­materiale frå storfe og svin og distribuerer nasjonalt, må det godkjennast. Anlegg med "godkjenning etter tidlegare regel­verk" blir rekna for å vere registrerte eller godkjende for nasjonal distribusjon av avls­materiale.

Anlegg der det blir handtert avls­materiale som skal distribuerast til andre land, skal god­kjennast av Mattilsynet. Anlegg med "EU-godkjenning etter tidlegare regelverk" blir rekna som godkjende.

Viss du skal registrere eller godkjenne eit anlegg der det blir handtert avls­materiale, må du kontakte den lokale avdelinga di av Mattilsynet på telefon 22 40 00 00 eller e-post postmottak@mattilsynet.no.

AnleggstypeBeskrivning
SædstasjonAnlegg der det blir samla inn, behandla og lagra sæd
Embryouttaks­gruppeAnlegg der det blir tatt ut, behandla, lagra og transportert in vivo-framstilte embryo
Embryo­produksjons­gruppeAnlegg der det blir tatt ut, behandla og lagra oocyttar, og anlegg der det blir in vitro-framstilt, behandla, lagra og transportert embryo
Bearbeidings­anlegg for avls­materialeAnlegg der avls­materiale blir behandla (under dette kjønnssortering av sæd) og lagra
Lager for avls­materialeAnlegg der avls­materiale blir lagra

Viss det på anlegget berre blir sett inn avls­materiale som er tatt ut same dag, blir det ikkje rekna som lagring av avls­materiale. Slike anlegg treng derfor ikkje å bli registrerte som anlegg der avls­materiale blir handtert.

Det finst spesifikke kriterium for registrering og godkjenning av anlegga. Alle registrerings- eller godkjennings­pliktige anlegg der det blir handtert avls­materiale, skal vere tilknytte ein veterinær som er ansvarleg for verksemda, blant anna hygiene, bio­sikkerheit og kompetanse.

Donordyra skal innfri visse helsekrav og vere identifiserte i samsvar med regelverket.

Avlsmaterialet som blir tatt ut, skal merkast etter bestemte kriterium.

Det skal også førast ein journal med informasjon om dyra, avls­materiale og aktiviteten på anlegget.

Hugs også at dersom du driv næringsretta heste­hald, for eksempel for omsetning av avlsmateriale eller oppstalling av hestar som andre eig (hestepensjonat), må du ha løyve frå Mattilsynet.

Sende avlsmateriale frå anlegget

Dersom avls­materialet skal sendast ut av anlegget der det blir tatt ut, blir det stilt spesifikke krav for å førebygge spreiing av smittsame dyre­sjukdommar. Avhengig av dyreart blir det stilt spesifikke helsekrav. Desse krava er strengare dersom avlsmaterialet skal sendast ut av landet. Det blir også stilt krav til identifikasjon av donordyret og merking av avls­materialet.

Regelverk

Reglane om handtering av avlsmateriale står i dyrehelseforskrifta (lovdata.no) og avlsmaterialeforskrifta (lovdata.no).