Førebygging og kontroll av skrapesjuke
Vi har som mål at Noreg skal vere fritt for klassisk skrapesjuke.
Derfor har vi eit overvakingsprogram for skrapesjuke. Det inneber mellom anna at vi fører tilsyn med at du som har sau og geit har system for å førebygge og oppdage skrapesjuke i flokken din. Sist klassisk skrapesjuke blei påvist i Noreg var i 2009.
Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2025?
Noreg har status som land med kontrollprogram for skrapesjuke i EØS-området. Det er viktig for Noreg å behalde denne statusen, fordi det vernar oss mot sjukdommar ved innførsel av småfe. For å behalde statusen, må vi gjennomføre kontrollprogrammet. Det betyr mellom anna at Mattilsynet må føre tilsyn med førebygging og kontroll i eit utval anlegg med sau og geit.
Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette?
Vi skal føre tilsyn i ti prosent av anlegga med sau og geit. Nokre av tilsyna vere fysiske tilsyn, mens andre tilsyn vil bli gjennomført digitalt. I tillegg vil vi ta ut overvakingsprøver av sjølvdøde og avliva småfe, og eit utval av slakta småfe.
Kva betyr dette for deg, og kva kan du forvente?
Alle som har sau eller geit må vere førebudde på at vi kan komme på tilsyn. Hugs at du skal følgje regelverket anten du får tilsyn eller ikkje.
Når vi kjem på tilsyn, vil vi rettleie deg om skrapesjuke og kontrollere om du overheld meldeplikta di. Du har meldeplikt for skrapesjuke når dyr eldre enn 18 månader døyr eller blir avliva og ved mistanke om skrapesjuke. Vi vil også kontrollere at du er kjent med og overheld krav ved flytting småfe mellom anlegg, og særleg at anlegg du eventuelt har henta småfe frå er i TSE-klasse 3 eller høgare.
Ved fysiske tilsyn vil vi vanlegvis komme uvarsla til garden din. Da vil vi be om å få sjå på dyrehaldjournalen din og vi vil ta ein runde i fjøset for å sjå på dyra og diskutere korleis du kan oppdage skrapesjuke hos dyra dine.
Ved digitale tilsyn vil Mattilsynet be om å få tilsendt ein del dokument på e-post i forkant av tilsynet. Eksempel på slike dokument kan vere dyrehaldjournalar, eigenerklæringar og veterinærattestar. Digitale tilsyn vil gå føre seg på Teams, du vil få tilsendt ei lenke til Teams i forkant av møtet. Du treng ikkje ha Teams installert for å kunne delta på møte.
Under tilsynet vil vi ha ein samtale med deg. I tillegg kan det vere aktuelt å ta ein runde i fjøset.
For at det skal vere mogleg å gjennomføre eit digitalt tilsyn, er det nødvendig at
- du er villig til å teste ut denne nye tilsynsforma saman med oss
- du har tilgang til smarttelefon eller nettbrett med nett-tilgang
- du har tilstrekkeleg dekning i dyreromma til at videomøte let seg gjennomføre, dersom det er aktuelt å ta ein runde i fjøset (viss du er usikker på om du har god nok dekning, kan vi teste det ut i forkant av tilsynet)
- du sender Mattilsynet den dokumentasjonen vi ber om i forkant av tilsynet
Ver merksam på at det i nokre tilfelle kan vere aktuelt med fysisk verifikasjonstilsyn etter eit digitalt tilsyn.