Til hovedinnhold

Eksport av levande muslingar til land utanfor EØS

Mattilsynet har laga eit helsesertifikat for levande muslingar til konsum, der vi gir garantiar knytt til skjellsjukdomar og regelverkskrav for omsetning av levande muslingar.

Publisert

Vi er kjent med at enkelte land likevel krev eller aksepterer andre sjømatsertifikat for levande muslingar.

Sertifikatet har førehandsmelding. Førehandsmeldinga må vere godkjent før sertifikatet kan bli skrivi ut. Du sender inn førehandsmelding og søker om sertifikatet direkte i Mattilsynet sine skjematenester (MATS). Vær oppmerksam på at du må be sertifikatkontoret ditt om å få tilsendt redigerbar PDF-fil dersom du ikkje finn riktig art i rullegardina i skjematenesta. Søknad om sertifikat skal sendes på vanleg måte, men i tillegg skal ferdig utfylt PDF-fil sendast til sertifikatkontoret som skal skrive ut.

For at Mattilsynet skal kunne kontrollere at skjella er hausta i område fri for bonamiose og marteiliose, må førehandsmeldinga innehalde følgande opplysningar:

  • Lokalitetsnamn og kommune for produksjonsområde
  • Tidspunkt for hausting
  • Latinsk og norsk namn for arten om skjematenesta manglar arten du skal eksportere

Du må skrive desse opplysningane inn i punktet «Registrer vedlegg».

Det er eit krav i sertifikatet at alle muslingar skal være produsert eller hausta i område fri for bonamiose (Bonamiosis ostreae, Bonamia spp.) og marteiliose (Marteilia refingens, M. sydney). Det vil seie at lokalitetane ikkje skal vere i nokre av kontrollområda i desse to forskriftene:

Merk at skjell må være hausta frå område som er både klassifisert og opne for hausting i den aktuell perioden. Du finn oversikter over opne og lukka produksjonsområde for kvar veke på nettsida Høsteområder levende muslinger.