Til hovedinnhold

Utskifting av vatn ved transport av fisk i brønnbåt

Du kan ikkje skifte ut vatn frå ein brønnbåt viss han er nærare enn 10 kilometer frå eit akvakulturanlegg.

Publisert

Mattilsynet tolkar at kravet er oppfylt dersom vatn frå brønnbåt blir behandla i tråd med krava i transportforskriftas § 22.

Ved transport av settefisk til eit matfiskanlegg, skal inntaksvatnet behandlast i samsvar med krava i transportforskrifta.

Ved transport av fisk direkte til slakting eller til eit slaktemerdanlegg, skal utsleppsvatnet behandlast i samsvar med krav i transportforskrifta § 22. 

Den ansvarlege for brønnbåten skal sikre at det finst dokumentasjon på korleis vassbehandlinga går føre seg, og effekten av desinfeksjonen.

Les meir om kva metodar og midlar de skal bruke når de desinfiserer vatn

Konklusjon frå risikovurdering 

Veterinærinstituttet gjorde i 2020 ei risikovurdering av korleis krava til behandling av transportvatn påverkar risikoen for smittespreiing.

Konklusjonen er at transportvatn frå brønnbåtar kan utgjere ein smitterisiko i dei tilfella der det ikkje er tilstrekkeleg desinfisering av vassmassane.

Veterinærinstituttet tilrår derfor ei restriktiv linje på transport av laks.

Veterinærinstituttet si risikovurdering (PDF) 

Regelverk

Akvabiosikkerhetsforskriften

Forskrift om transport av akvakulturdyr