BKD er ein alvorleg fiskesjukdom på oppdrettsfisk. Sjukdommen blir ikkje rekna som ein stor trussel mot villfisken i Noreg.
Etter ein lang periode med få utbrot på oppdrettsfisk, vart fire sjøanlegg i Midt-Norge ramma vinteren og våren 2023.
BKD er ein alvorleg fiskesjukdom på oppdrettsfisk. Sjukdommen blir ikkje rekna som ein stor trussel mot villfisken i Noreg.
Etter ein lang periode med få utbrot på oppdrettsfisk, vart fire sjøanlegg i Midt-Norge ramma vinteren og våren 2023.
Ved mistanke skal Mattilsynet varslast med ein gong, og prøver skal sendast til Veterinærinstituttet. Ved utbrot gjennomfører Mattilsynet i samarbeid med Veterinærinstituttet smittesporing for å kartlegge smittekjelde og mogeleg smitteoverføring til andre anlegg eller fiskegrupper.
Varsle Mattilsynet dersom det er
Ring straks 22 40 00 00.
Send deretter skriftlig varsel på e-post (finn riktig adresse i vedlegg 1) eller bruk Mattilsynets skjematjeneste.
Bakteriell nyresjuke (BKD) er ein kronisk sjukdom som følgje av infeksjon med bakterien Renibacterium salmoninarum. Mattilsynet skal straks ha melding ved mistanke om sjukdommen.
Sjukdommen rammer berre laksefisk: laks, regnbogeaure, røye og harr.
Tidleg i sjukdommen kan fisken ha små blødingar i huda som kan utviklast til små, kraterforma hudsår. I sjøvatn kan ein sjå såkalla « svimarar», som av og til kan ha utståande auger pga. plasskrevjande betennelsesvev i augnehola. Kjønnsmoden regnbogeaure kan ha ein forbigåande tilstand med berre hudsår , kjent som «spawning rash».
BKD er ein kronisk sjukdom, og fisken kan vera livsvarig berar av bakteriane. Infeksjonen kan overførast frå ein generasjon til neste gjennom infisert rogn.
BKD er ikkje farleg for menneske.