Bedøving av krabbar

Det er vanskeleg å bedøve krabbe, då han har fleire nervesentrum som er plasserte på ulike stader i kroppen. Det krev både nøyaktig kunnskap og opparbeidde ferdigheiter å sikre at dei mest sentrale nervesentruma blir sett ut av spel.

Publisert

Det fremste nervesenteret er senteret som krabben sansar omgivnadene sine med, og der nervesignala blir koordinerte. Det er viktigast at dette nervesentrumet blir sett ut av funksjon.

Kutt eller slag retta mot fremste nervesenter

Under ser du ei skisse av korleis det sentrale nervesystemet er plassert under ryggskalet sett frå ryggsida. Det bakre senteret koordinerer og styrer mellom anna beina og klørne, og det fremre er ein slags hjerne, der lukt, syn og andre sansar blir registrerte og ordna. I tillegg er der små sentrum nær svelget, som ligg mellom rygg-senteret og hjernen.

Skisse av ein krabbe med markering av dei fremre nervesentera til krabben.
Skisse av nervetrådar og gonger hos ein krabbe, modifisert etter ei skisse av Pearson 1908. Foto: Referanse: Woll, A.K., Bakke, S., van der Meeren, G.I. 2021. Krabben. Kolofon forlag

For å bedøve krabben er det best om du får til å treffe nervesenteret i hovudet. Avhengig av storleiken på krabben ligg nervesenteret midt mellom auga og ca. 3 cm inn i kroppen, og det ligg over og til dels rundt svelget. Framgangsmåten:

a) Eitt presist kutt midt mellom auga og inn i hovudet i lengderetninga til krabben vil stanse all nerveaktivitet.

b) Ved slag må du slå med eit hardt og velretta slag ned på ryggskalet framme ved hovudet slik det er markert på illustrasjonen. Du kan bruke ein rundstokk, handtaket på ein kniv eller liknande.

Slaget vil medføre at skalet blir knust. Det kan òg vere vanskeleg å få til eit godt nok slag på hardt pansra, store krabbar. Kuttet er mest effektivt, men om krabben har eit svært hardt skal, vil slaget vere den raskaste måten å bedøve krabben på.

Har du bedøvd krabben med slaget eller kutta, kan han leggjast i rikeleg med fosskokande vatn (sjå nedanfor.)

Nedkjøling

Om krabbeskalet er for hardt, og du ikkje får til å bedøve det fremste nervesenteret til krabben med slag eller kutt, kan du leggje han i kjøleskapet i minst 60 minutt. Kjøleskapet må halde ein temperatur på maksimalt 4⁰ C. Vi veit ikkje sikkert om krabben er bedøvd etter nedkjøling, då det må testast om krabben faktisk er bedøvd eller berre roa ned. Inntil vidare kan likevel denne framgangsmåten nyttast av privatpersonar. Er krabben godt nedkjølt kan han leggjast i rikeleg med fosskokande vatn (sjå nedanfor)

Metodar som ikkje bedøver

Krabben blir ikkje bedøvd viss du stikk ein kniv inn midt i buken, og eit slikt stikk er dessutan i strid med føresegnene i dyrevelferdsloven. Då lammar du nervesenteret for rørsle så bein og klør mistar krafta, men utan at det påverkar sansane til krabben. Derfor må du slå eller kløyve hovudet for at krabben skal bedøvast, alternativt nedkjøle han.