De må forebygge årsakene

Når de først har identifisert årsaker til risiko, er det mykje lettare å handtere situasjonen. Då må de ta stilling til om årsaka er relevant, om ho er mogeleg å handtere, og korleis ho skal handterest.

Publisert

Ei slik vurdering kan utløyse litt ulike former for tiltak. For det første er det nærliggande å sjå på eigne rutinar og prosedyrar. Ofte vil de kunne førebygge årsaker ved å betre eigne driftsrutinar. Til dømes vil betre hygienerutinar førebygge sjukdom og luseførebyggande tiltak vil kunne redusere lusepåslag. Eller det kan vere aktuelt å ha kontrollrutinar som sikrar rette føresetnader før avlusing for å hindre dårleg velferd.

De kan med fordel også ha eigne planar som verkar på lengre sikt enn dei meir kortsiktige tiltaka i rutinar og prosedyrar. Til dømes fiskehelseplan og fiskevelferdsplan som mellom anna har fokus på systematiske og målretta tiltak for å få ned dødelegheit i anlegga. Det er naturleg å sjå handlingsplanar i samanheng med andre driftsrutinar som har førebyggande karakter. Ei anna form for tiltak er å utforme handlingsplanar i samarbeid med andre verksemder. Det er eit krav i luseforskrifta at oppdrettarar koordinerer innsatsen sin mot lakselus.