De må førebygge konsekvensane av kjende risikoar
Når de er kjende med og følgjer med på ein risiko, vil det ofte vere mogeleg å førebygge at risikoen får alvorlege konsekvensar.
Vi kan bruke dømet med oksygensvikt og dårleg velferd under avlusing der ein av konsekvensane kan vere auka dødelegheit. Kontrollerer vi denne risikoen ved å følgje med på oksygennivåa, vil det vere aktuelt å setje i verk planlagde førebyggande tiltak om risikoen slår ut. Det kan vere at behandlinga skal avsluttast, eller det kan vere mogeleg med auka oksygenering. Når vi har gjort denne risikovurderinga og funne eigna tiltak, kan dette styrke beredskapsarbeidet med nye rutinar og prosedyrar.