De må identifisere konsekvensanse
Det er vanskeleg å seie noko om risiko viss ein ikkje kjenner konsekvensane av ein aktuell fare. Viss eit virus ikkje gir noko problem verken for mattryggheit, fisken sjølv eller omgivnadane, er det ikkje nødvendigvis ein stor risiko som må handterast med ressurskrevjande tiltak.
Ein del av risikovurderinga blir derfor å kartlegge kva konsekvensar det kan få om ein type risiko blir utløyst. Ofte er det ikkje snakk om éin, men fleire aktuelle konsekvensar. Viss til dømes fiskesjukdomen infeksiøs lakseanemi bryt ut i eit oppdrettsanlegg, vil dette kunne få ei rekkje svært alvorlege konsekvensar, for fisken, for det ansvarlege selskapet og for omgivnadane. Alle desse konsekvensane må de ha oversikt over.