De må identifisere relevant risiko
Verksemder som driv med matproduksjon, vil stort sett alltid ha ein viss risiko for negative hendingar ulike stader i produksjonskjeda.
Det gjeld derfor å identifisere dei riskoane som er relevante for verksemda dykkar.
Svært ofte er det kjende risikoar ved ein type produksjon som de må ta omsyn til sjølv om de ikkje har opplevd noka hending rundt dette enno. Det kan til dømes vere å førebygge ein sjukdom på fisk i oppdrettsanlegget, lusepåslag eller ulike velferdspåkjenningar for fisken.
Det er ikkje god praksis å vente med å vurdere risiko og handtere slike situasjonar til etter at ein har hatt uhell og fått negative erfaringar. Oppdrettsverksemder skal identifisere dei relevante og reelle risikoane for det geografiske området (tal på anlegg omkring, avstandsforhold, vêr, vind og miljøforholda elles), type anlegg (stamfisk, settefisk, matfisk) osv. Risikovurderinga må vere gjeldande og praktisk for anlegget, slik at det ikkje blir ei heilt teoretisk tilnærming.