De må kartlegge årsaker til risiko

Viss de som er ansvarlege skal kunne førebygge at den identifiserte risikoen blir utløyst, må de setje dykk inn i årsakssamanhengane. De må altså vite kvifor ein risiko slår ut. Svært ofte er det ikkje berre éin enkelt grunn til ei negativ hending, men fleire. Nokre gonger vil dei også kunne verke saman og forsterke kvarandre.

Eit døme kan vere dårleg fiskevelferd ved avlusing. Årsakene kan vere at helsetilstanden ikkje var god nok i utgangspunktet, at utstyr blir brukt feil, eller at miljøforholda på anlegget ikkje er gode nok. Til saman kan desse årsakene slå ut katastrofalt for fisken med stor påkjenning og høg dødelegheit som resultat.

Ein del av dette arbeidet er også å vurdere kor sannsynleg det er at ei eller fleire årsaker kan inntreffe. Det er sjeldan aktuelt å måle dette veldig spesifikt, det er meir å ta stilling til kor ofte ein kan rekne med at det kan skje. Er det sannsynleg at det kan skje månadleg, årleg, kvart tredje år, kvart tiande eller sjeldnare?

Publisert