De må vurdere kor alvorleg risikoen er
Risikovurdering er altså å vurdere om ei hending kan skje, kva konsekvensen vil bli, og kva usikkerheit som er knytt til dette. Poenget er å finne ut kor utsett produksjonen av oppdrettsfisk er for svikt.
Skjematisk framstilling av risiko:

Som ledd i risikovurderinga ser de på kor sannsynleg det er at bestemte årsaker utløyser ein risiko for oppdrettsdrifta, samtidig som de vurderer mogelege konsekvensar av dette. Det er vanleg å gjere ei slik vurdering skjematisk med følgjande matrise:

Raud indikerer at risikoen vert vurdert å vere stor. Her må det settast inn tiltak. Òg på gult område bør tiltak vurderast. Ved grøn vert det vurdert om risikoen er til å leve med.