Risikohandteringa
Risikohandteringa er sett saman av tre prosessar.
Desse er:
- førebygge årsakene
- gjennomføre kontrolltiltak for å sjekke om risikoen likevel slår ut
- førebygge konsekvensane av risikoen
Barrierar kan byggjast både for å førebygge årsakene til risiko og for å redusere konsekvensane dersom risikoen likevel slår ut. De må systematisk gjere vurderingar slik figuren illustrerer:

Nokre gonger vil de på bakgrunn av årsaksanalysen setje inn eitt eller fleire førebyggande tiltak mot enkelte årsaker. Det kan vere tilfelle der de konkluderer med at det er lite sannsynleg at til dømes årsak 3 gjer seg gjeldande, og at det derfor ikkje er rimeleg å sette inn tiltak mot dette. Vi har altså akseptert at dette er ein risiko, men at risikoen er liten. Dette blir ei konkret vurdering de må gjere i det enkelte tilfellet.
Eit døme på risiko kan vere dårleg fiskevelferd ved avlusing. Årsak 1 kan vere oksygensvikt under avlusing, og konsekvens 1 kan vere høg dødelegheit. Då er det viktig å stille desse spørsmåla:
- Korleis vi kan unngå oksygensvikt ved hjelp av førebyggande tiltak?
- Kan vi kontrollere oksygensvikten om han oppstår? Korleis?
- Korleis kan vi unngå dødelegheit som konsekvens dersom oksygensvikten oppstår?
Dei førebyggande og konsekvenshindrande tiltaka som vi kjem fram til, må implementerast i drifta, i form av anten rutinar eller prosedyrar som skal følgjast ved bestemte arbeidsoperasjonar. Så lenge tiltaka blir følgde opp, reduserer de risikoen for dårleg velferd ved oksygensvikt.