Bedøvinga skal vare inntil fisken er død
Bedøvinga skal vare inntil fisken er død, som hovudregel som følge av blodtap frå hjernen.
Fisk har hjerneaktivitet lenge etter at blodtilførsel til hjernen har stoppa opp, og lengda av dette er artsavhengig. Dette set krav til lang varigheit og helst irreversibel effekt av bedøving. Kveite er eit eksempel på ein art som toler lang tid utan blodtilførsel til hjernen.
Test av bedøvingseffekt og varigheit
Varigheit av bedøvinga blir testa på minimum ti vilkårlege bedøvde, men ubløgga, fisk. Desse blir overførte til eit kar som inneheld vatn med same temperatur som det ein har i utblødingstanken.
De må sette ei tidsramme for varigheit som bygger på dokumentasjon for ein spesifikk art. Denne dokumentasjonen skal vise kor lang tid som er nødvendig for å unngå oppvakning under utbløding.
For laks er den generelle føringa at ingen fisk skal vise teikn til bevisstheit, slik som augerulling eller rørsle av gjellelokk og så vidare etter 10 minutt.