Spesielt om slagbedøving
Når slag eller slagmaskin blir optimalt nytta, gir dette forsvarleg bedøving eller død for dei fleste artar.
Rett utført gir slaget ei kraftig hjerneristing med snarleg bevisstheitstap, og dessutan blødingar i vitale hjernesentrum som resulterer i døden til fisken.
Metode og utstyr for slagbedøving
Effektiv slagbedøving blir oppnådd ved å tilføre maksimal mengde energi på rett plass mot dyrehjernen i løpet av kortast mogleg tid. På laks blir slaget plassert på toppen av hovudet, i midtlinja og litt bak auga.
Farten til bolten når han treffer hovudet har meir å seie enn massen til bolten for denne slagenergien.
Beregning av slagstyrke: slagenergien (kinetisk energi)=1/2 * boltens masse * hastighet2.
Slaget skal vere hardt nok til å gi ristingar i hjernen slik at fisken mistar bevisstheita. Slaget skal ikkje vere så hardt at det blir brot i hovudskallen. Ved brot i hovudskallen blir ein del av slagenergien absorbert i staden for å sette hjernen i rørsle med etterfølgande øydeleggingar av hjernevev, og ein risikerer at fisken ikkje mistar bevisstheita.
Faktorar som treffstad, vinkel, utforming av slagbolt og korleis fisken er fiksert når slaget treffer har også betyding for bedøvingseffektivitet.
Ulike slagmaskiner har ulik utforming og funksjon. Tekniske data for kva som skal til for å oppnå effektiv bedøving er derfor ikkje direkte samanliknbare mellom ulike slagmaskiner. Dette betyr at det er behov for å dokumentere kvar enkelt modell med omsyn til om den er eigna til å utløyse omgåande bevisstheitstap på dei aktuelle fiskegruppene (art/størrelse) som han skal brukast på.
I forsøk er det vist at nokre fiskar som ut frå klinisk vurdering av åtferd blei vurdert som bevisstlause, hadde EEG mønster samsvarande med bevisstheit. Dette betyr at det ikkje er nok å gjere visuelle observasjonar i dokumentasjonen, men at det er nødvendig å verifisere gjennom EEG. Sjå elles kapittelet om dokumentasjon av bedøvingsmetodar.
Slagstyrke og presisjon er mindre presist ved manuelle slag, særleg ved bedøving av større talet på fisk. Sjølv om manuelle slag kan vere eigna til back-up av enkeltfisk som ikkje er korrekt bedøvd i bedøvingseininga, er dette ikkje ein eigna metode for å bedøve eit større tal fisk.
Bruken av slagbedøver
Slagmaskina blir innstilt etter størrelsen til fisken. God størrelsessortering er heilt nødvendig for at slaget skal treffe rett og bedøveren fungere forsvarleg. Fisken må komme enkeltvis inn i slagmaskina rett veg for at slaget skal treffe rett. Rettvending av fisken slik at han kjem inn med hovudet først og hovudet opp er derfor også heilt nødvendig. For å oppnå dette er det viktig at fiskeflyten inn mot bedøver er jamn. For liten fisk kan snu seg over på sida i kanalen inn mot slagbolten slik at slaget treffer på sida av fisken i staden for på toppen av hovudet.
De må ha backup system for å fange opp fisk som ikkje er bedøvd. Dei fleste slagmaskiner gjennomfører også bløggesnitt. I slike tilfelle må det gjennomførast etterkontroll og backup av både på bedøving og bløggesnitt samtidig.
Det er viktig at de har rutinar for justering av maskina og oppfølging ved teknisk svikt, jf. beskriving i brukarmanual.