Formål med rettleiar om fiskevelferd ved slakteri for akvakulturdyr
Denne rettleiaren skal bidra til felles forståing av kravet regelverket har til god fiskevelferd ved slakteria.
Vis endring
- Oppdateringar i 2022
Rettleiaren blei første gong utarbeidd av Mattilsynet i 2014, og oppdatert i 2022.
Dei viktigaste endringane er at innhaldet er avstemt mot regelverket og rettleiingsmateriell anno 2022. Tekst og format er noko forenkla og enkelte stader meir nyansert.
Det er få endringar i det faglege innhaldet, men omsynet til reinsefisk er betre belyste. I tillegg er det presisert at bruk av EEG er nødvendig for sikker dokumentasjon av bedøvingsmetodar på artsnivå.Behov for undervassobservasjonar i tillegg til overflateobservasjonar for å overvake og bedømme *trenging er tatt inn.
Felles forståing bidrar til at regelverket blir følgt og at fisken har det bra frå den kjem til slakteriet til den er bedøvd og avliva på ein forsvarleg måte. Rettleiaren skal også bidra til einskapleg forvalting og føreseielegheit for slakteria.
Sjølv om det har blitt meir vanleg å bedøve og avlive fisk i båt, er dette ikkje behandla separat i rettleiaren. Dette er fordi dei same krava gjeld uavhengig av om fisken blir slakta på land eller i båt.