Generelle velferdskrav og heilskapsvurdering
Det er viktig å ha fokus på velferda til fisken gjennom heile slakteprosessen.
Ei heilskapsvurdering
Ei heilskapsvurdering av slakteprosessen, frå trenging og pumping til ferdig avliva fisk, bør vere prega av god flyt. Tempo må vere slik at personell skal kunne utføre effektiv kontroll når det gjeld at all fisk blir bedøvd og avliva før vidare prosessering.
God flyt blir oppnådd om det er god overvaking og kommunikasjon mellom dei ulike arbeidsoperasjonane på slaktelinja. Det er særleg kritisk at ein ikkje pumpar inn meir fisk frå slaktemerd enn det de klarer å handtere i den vidare slakteprosessen. På den måten sikrar de at fisken passerer ulike knutepunkt i ein jamn straum pr tidseining, og at tempoet er slik at fisk ikkje hopar seg opp ved ulike arbeidsstasjonar. Den som utfører arbeidde har dermed godt høve til å sikre at all fisk både bedøvast og blir forsvarleg avliva.
Om kapasiteten til utstyr eller personell blir overskriden, er det stor risiko for at fisken blir utsett for unødig stress, smerte og liding.
Røyrgater og slaktelinje skal vere tømt for levande fisk ved eventuelle felles pausar. Det skal heller ikkje stå fisk trungen i slaktemerd ved pausar i slakteprosessen.
Når avliving blir rutine, kan det vere fare for at fokus på velferd blir svekt over tid hos kvar enkelt. Det er derfor viktig å halde gode haldningar ved like gjennom kontinuerleg arbeid med internkontroll og med ein god bedriftskultur på dette området.
Fishwellhåndboka side 212 - 230 (Nobel, C. et al 2018) beskriv ulike operasjonar i samband med slakteprosessen og korleis ein ved bruk av ulike velferdsindikatorar kan overvake og vurdere konsekvensen av kvar enkelt operasjon. Det er forventa at dette blir tatt i bruk på slakteria for å overvake og forbetre rutinar, slik at velferda til fisken som går gjennom slakteprosessen blir så god som mogleg.
Pre-rigor som mål for stress
Tida det tar før dødsstivleik trer inn (pre-rigor) kan vere ein indikasjon for totale belastingar og stress fisken utsettast for i slakteprosessen. Forsøk viser at dødsstivleik hos fisk som er behandla svært skånsamt før bedøving med elektrisitet og slag (det vil seie på førehand heilt ustresset fisk), trer inn etter 24- 30 timar (Bjørlykke et al 2011).
Behandling av anna fisk
All fisk skal bedøvast og avlivast forskriftsmessig, også reinsefisk og villfisk som har komme til slakteriet saman med slaktefisken.
I utgangspunktet skal reinsefisk ikkje komme inn til slakteriet, sidan desse skal vere sortert ut på akvakulturanlegget før produksjonseininga blir tømt, etter akvakulturdriftsforskrifta § 28. Det er likevel sannsynleg at det er noko gjenverande reinsefisk som anlegget ikkje har klart å sortere ut, og som må bedøvast og avlivast forsvarleg på slakteriet. Dersom det kjem til store mengder reinsefisk til slakteriet, må de ta dette opp med akvakulturanlegget.
Krav om rask avliving etter framkomst til slakteri
Slakteriforskriftas § 10 har krav om at "fisken skal avlivast så raskt som mogleg etter at han har komme til slakteriet."
Når fisk blir slakta direkte frå brønnbåt, inneber dette at slakteriet må planlegge inntransporten slik at fisken ikkje blir ståande i transportrommet, røyrsystem eller kar lengre enn det som er forsvarleg og nødvendig. Mengde fisk i brønnbåt må stå i forhold til kapasiteten på slakteriet. Matfiskanlegg, transportør og slakteri må samarbeide om dette. Ved lukka transport og lossing må ein vere særskilt merksam på tidsaspektet og vasskvalitet i brønnen.
Oppbevaring i slaktemerd er regulert gjennom akvakulturdriftforskriftens § 54, som blant anna seier at "Fisk kan oppbevarast maksimalt 6 døgn i slaktemerd".
Sjekkpunkt
- Er slakteprosessen prega av ro og god flyt?
- Er det god koordinering/kommunikasjon mellom ulike «arbeidsstasjonar» frå og med trenging og pumping av fisken?
- Er det opphoping av fisk ved ulike knutepunkt (for eksempel i rettvendar, bedøver, bløggebord før bløgging)?
- Er fisken roleg, stressa eller utmatta ved ulike knutepunkt?
- Har fisken skjellavskrapningar, slagskadar eller sår (snute, finnar, kropp) som har oppstått i trenging, innpumping eller vidare handtering før avliving?
- Er det samsvar mellom dimensjonering av utstyr og mengde fisk?
- Er det teikn på liv i utblødingstank eller ved påbegynt prosessering?
- Kva rutinar er det ved pausar? Er røyrgater, bløggebord etc. tømt for fisk?
- Kor lang tid tar det før dødsstivleik hender? Blir brukt informasjon om pre-rigor-tid aktivt i internkontroll som mål for stress i slakteprosessen?
- Nedgradering pga ytre (sår, kjevebrot) og indre (ryggbrot, blødingar) skadar?
- Reklamasjonar frå kundar pga skader (blødingar og liknande)?
- Korleis blir annan fisk behandla (reinsefisk og villfisk)?